Villa leppefisk

800 søknadar på åtte stillingar

Tidlegare i vinter lyste Villa Artic ut åtte stillingar i tilknyting til drifta på Jakobsnes i Kirkenes. Då søknadsfristen gjekk ut hadde selskapet fått inn over 800 søknadar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I februar lyst Villa Artic ut tre stillingar i tilknyting til administrasjonen i Kirkenes og fem driftsoperatørstillingar knytt til oppdrettsaktiviteten i Sør Varanger. Stillingane vart lyst ut gjennom NAV, i lokalavisene og på finn.no.

No jobbar selskapet med rundt 800 søknadar frå ti land. Ein del av søknadane kom frå Portugal, Italia, Frankrike, Latvia, Litauen og Estland, men dei fleste kom frå Russland, Finnland, Sverige og Noreg. Dei norske søkarane kjem frå heile landet frå Kristiansand til Vardø.

Svært positivt for regionen Sydvaranger AS har også enormt mange søkarar til nye stillingar denne våren, så regionsjef Dharma Rajeswaran i Villa Artic meinar regionen er inne i ei positiv utvikling. -Det har jo ikkje vore så mykje tilgjengeleg arbeidskraft i Kirkenes, så dette er svært positiv sjølv om det også må vere eit teikn på at finanskrisa gjer arbeidssøkjarane meir mobile. Problemet for oss no er å skaffe bustad til arbeidarane, men her håpar eg kommunen vil vere med å hjelpe oss, seier Rajeswaran til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Fleire arbeidsplassar Frå hausten av vil Villa Artic utvide kapasiteten på slakteriet og over ein periode på nokre år vil selskapet også ha behov for rundt 25 nye arbeidsplassar i tilknyting til vidareforedling. Dette kjem i tillegg til dei 20 arbeidsplassane ein alt har i denne delen av selskapet.