Arne Andersen.

95 prosent av laksen på rett veg

Ved hjelp av eit nytt system klarer ein no å få 95 prosent av laksen til å gå rett veg inn i elbedøvaren. -Dette systemet gjev oss veldig god kontroll på slakteprosessen, seier prosjektansvarleg i Nordlaks Produkter AS Arne Andersen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Frå første januar 2010 vert det forbod mot å bruke CO2 for å bedøve fisken før den skal slaktast. Det har vore jobba lenge for å finne fram til fullgode alternativ som både tilfredsstiller krav til effektivitet, kvalitet, fiskehelse og fiskevelferd, men no ser det ut til at dette fungerar på Stokmarknes. Systemet som vert brukt på fabrikken til Nordlaks Produkter AS er utvikla av Melbu Systems på Melbu. -Vi har fått utviklingsmidlar frå Innovasjon Noreg og no har vi funne fram til eit system som gjer at laksen søm frivillig inn i bedøvaren, seier Andersen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

Søm med straumen Ved hjelp at fire ulike testriggar har dei to bedriftene testa ut eit system med eit kar som er konstruert på ein måte som gjer at fisken søm med straumen og inn i bedøvaren. -Det handlar om eit medstrømssystem som Melbu Systems  har tatt patent på, seier Andersen.

Treng kompetanse I fylgje Andersen treng ein kompetanse for å få systemet til å fungere slik det skal. Det handlar mellom anna om å bruke rett straumstyrke. -I byrjinga hadde vi litt blodrestar i fileten, men etter ein innkøyringsperiode med opplæring, har vi fått dette veldig godt til, seier Andresen.

For å sikre god nok kapasitet er Nordlaks Produkter no i ferd med å installere den andre linja med bedøvaren frå Melbu Systems.