Fiskeridirektoratet

95 prosent har kystsoneplan

- Av dei 263 kommunane som har kystline er det berre 13 som per 31. desember 2010 ikkje har ein kystsoneplan. Dette er seksjonssjef ved planseksjonen i Fiskeridirektoratet, Ragnar Sandbæk, stor sett fornøgd med.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– I denne undersøkinga har vi gått meir spissa til verks for å få eit betre bilete av plansituasjonen i kystkommunane. Vi har bedt om å få opplysingar om planperiode og kva tid eksisterande plan vart revidert sist, fortel Sandbæk i ei pressemelding frå Fiskeridirektoratet.

Det er stort sett kommunar med lite sjøareal og som ligg langt inne i fjordar som ikkje har kystsoneplanar. Om lag 70 av dei 263 har kystsoneplanar som er gått ut på dato eller er modne for revisjon.

Manglar på Møre I Trøndelagsfylka, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oslo og Akershus har alle kystkommunane kystsoneplanar.

I Finnmark, Troms, Nordland, Sogn og Fjordane, Hordaland, Vestfold og Østfold er det ein kommune i kvart fylke som manglar plan. Men i Møre og Romsdal er det seks kommunar som ikkje har kystsoneplan. – Kystsoneplanar er viktige for å kunne minske interessekonfliktar i ei kystsone som vert meir og meir fortetta. Fleire og fleire melder si interesse for bruk av kystsona, og vi ser ein auke i innseiingssaker, seier Sandbæk.

Planlegg for å hindre konflikt Kystsona er til dømes ynskt brukt til både turisme og utbygging av marinare og småbåthamner. Dette kjem ofte i konflikt med kaste- og låssettingsplassar for fiske. I slike saker er det auka mengde innseiingssaker. Andre interessekonfliktar kan vere mellom fiske og akvakultur og mellom akvakultur og verneområde. – For å skape framsynt planlegging med førehandskjende vilkår er det viktig at kommunane sorterer sitt kystareal på land og sjå, slik at ein i størst mulig grad kan minske interessekonfliktane, avsluttar Sandbæk.