Lofthus i Hardanger

96 % rømlingar i Steindalselva

Dei 71 oppdrettslaksane som vart observerte i Steindalselva i Hardanger, utgjorde heile 96 prosent av fisken i elva. – Generell observasjon på overvaka elver viser at det er enkelte elver som blinkar seg ut, utan at me veit heilt kvifor, seier Øyvind Kanstad-Hanssen frå Ferskvannsbiologen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Linn Therese Skår Hosteland

Kanstad-Hanssen var prosjektleiar for elvedykka som var gjennomførte torsdag og fredag i førre veke i Hardanger. Han opplyser at Ferskvansbiologen vart engasjert av NSL, og at det var elvene Steindalselva, Jondalselva, Æneselva, Melselva. Guddalselva, Umvikelva og Uskedalselva, som vart undersøkte.

Etter meldinga om rømming i Hardanger er det også fanga over 70 oppdrettslaks i Etneelva. Foto: Vidar Børretzen.

- I fire av elvene oppdaga me ingen oppdrettslaks og i to, ein fisk i kvar. Generell observasjon i overvaka elver viser at det er enkelte elver som blinkar seg ut med meir oppdrettslaks i forskjellige regionar, utan at me veit heilt kvifor. Dette skjer også gjerne sjølv om det ikkje er mykje rømd fisk i området, seier han. 

Kanstad-Hanssen seier han oppfordrar til utfiske av den rømte fisken så snart som mogleg.

- Ettersom den rømte fisken utgjorde heile 96 prosent og det nærmast ikkje er ein villfisk i elva no, er det best å få dei ut slik at ein får minst mogleg støy oppimot villfisken. Om få veker kan det være mykje villfisk til stades, seier han.

Slår ein saman tal frå Etneelva og Steindalelva er det no oppdaga 140 rømlingar etter den urapporterte rømminga i regionen.

Les også: - Svekkjer tillita til næringa

Han forklarar den observerte fisken var uniform med få variasjonar, noko som gir indikasjonar på at fisken stammar frå ei og same rømming.

- Me har rapportert inn funna våre til Uni Miljø og oppfordrar til umiddelbar utfiske. Me ser at næringa også ynskjer dette, men det må gå gjennom dei rette kanalane før det kan igangsetjast, seier han.

Han legg til at han førebels ikkje har høyrt om noko bestilling av utfiske.