Arne Andersen.

98 prosent på rett veg

Testar viser no at systemet som Nordlaks Produkter har satsa på for å få slaktefisken til å gå i rett retning inn i den elektriske bedøvaren, fungerar veldig bra. Veterinærinstituttet sine registreringar viser at heile 98 prosent går rett veg.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Det har vore jobba lenge for å finne fram til fullgode løysingar som tilfredsstiller krav til effektivitet, kvalitet, fiskehelse og fiskevelferd ved bedøving og slakting av fisk. Men no har Nordlaks Produkter AS på Stokmarknes fått dette til å fungere godt. Saman med Melbu systems har selskapet jobba med å utvikle ein såkalla einsrettar som er eit system som sikrar at slaktefisken går i rett retning når den skal bedøvast, og at prosessen skjer raskt nok. -No har vi lært oss å bruke systemet og gjere dei rette innstillingane og registreringane viser at 98 prosent av fisken går rett veg. Det betyr at den blir bedøvd med ein gong, og vi får eit veldig godt resultat, som vi må sei oss svært godt nøgd med, seier Arne Andersen i Nordlaks Produkter AS til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

I fylgje Andersen inneber dette at installasjonen som dei gjorde sommaren 2009 blir ståande til det kjem noko betre på marknaden. Slik systemet med bedøving fungerar på Nordlaks Produkter i dag, er det i samsvar med Mattilsynet sine krav om at fisken må gå rett veg inn, men det har i fylgje Andersen ikkje vore snakk om noko form for godkjenning. -Eg reknar jo med at det vil bli ein kontroll her etter kvart, seier Andersen. Les Veterinærinstituttet sin rapport her