Advarar Norge

Det kan være eit alvorleg feilgrep å tru at lobbyinnsats kan hindre både midlertidige vernetiltak og antidumpingtiltak. Det seier Fritz-Harald Wenig som leiar EU-kommisjonen sitt arbeid med laksesaka, til Bergens Tidende.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er heilt klart at EU vil gjere noko for å verne skotske og irske lakseoppdrettarar mot konkurranse frå norske oppdrettarar. I fylgje Wenig kan sjansen til å unngå vernetoll vere øydelagd innan kort tid. Og blir det ikkje vernetiltak og minstepris i fire år framover, kan det ende med straffetoll til EU på over 20 prosent i fem år framover. Eit vedtak om kvotar og minstepris krev kvalifisert fleirtal. Antidumping og antisubsidietiltak krev berre simpelt fleirtal, noko Wenig ikkje trur er noko problem å få gjennomført og han berre fnyse av påstanden om at EU-kommisjonen finne det den vil finne. -  Vrøvl, vrøvl. Vi er seriøse folk og slike påstander kommenterer vi ikke, sier Wenig til avisa.