Julia Seljeseth og Ingelill Jacobsen

Aldri kjedelig å jobbe med Russland

Det handlar om utveksling av mykje kompetanse om ein utfordrande og spanande marknad når Ingelill Jacobsen no overlet stafettpinnen med ansvaret for EFF sitt marknadsføringsarbeidet i Russland til Julia Seljeseth, opprinneleg frå Arkhangelsk.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Ingelill Jakobsen har hatt ansvaret for marknadsføringa av norsk sjømat i Russland sidan 1997. Dei siste åra har ho pendla mellom Tromsø og Moskva, men no overlet ho stafettpinnen til Julia Seljesth frå Arkhangelsk som skal jobbe full tid i Moskva. Seljeseth har også lang erfaring frå ulike prosjekt knytt til marknadsføring av norsk fisk både i Russland og i andre land i Aust-Europa og på Balkan. Møttes i Arkhangelsk i 93 Ingelill Jacobsen har mellom anna utdanning i russisk frå Universitetet i Tromsø og vart kjend med Seljeseth (då Julia Skalina) første gang under eit studieopphald i Arkhangelsk i 1993. Då studerte Seljeseth norsk og pedagogikk ved Universitetet i Arkhangelsk. Etter den tid flytta ho til Noreg og tok hovudfag i Sosiologi ved Universitetet i Tromsø, før ho blei trainee i Eksportutvalet for Fisk. -Det var den første stillingsutlysinga eg såg etter eg var ferdig med hovudfag, og det sto jo mellom anna at russisk språk var ei føremon, så den var jo perfekt for meg, seier Seljeseth til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Nyttig med erfaring Seljesteth er gift og har to barn på fem og tre år. Denne månaden tek ho med seg familien og flyttar til Moskva. Stillinga som utsending for EFF i Russland varer i utgangspunktet i tre år, med muligheit til forlengig i to år til. -Dette er jo den marknaden som ligg mitt hjerte nærmast, men det er jo også ein svært utfordrande marknad å jobbe i, så det kjem godt med at eg har erfaring frå marknadsarbeid i Aust-Europa, seier Seljeseth. Aldri kjedelig Den russiske marknaden har vore i ei enorm utvikling dei siste åra og handelshindringane for norsk laks som vart innført i 2006 har gjort arbeidet både spanande og utfordrande. -Ein har vore langt oppe og langt nede, men det blir aldri kjedelig og aldri rutine å jobbe med den russiske marknaden, seier Jacobsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no og ønskjer Seljeseth lykke til i Moskva. Ingelill Jacobsen er no tilsett i stillinga som marknadssjef for pelagisk sektor i Eksportutvalet for fisk, noko som inneber at ho får fortsette å jobbe opp mot Aust Europa sjølv om ho har fast bupel i Tromsø.

Ingelill Jacobsen overlet no stafettpinnen med ansvaret for EFF sitt marknadsføringsarbeid i Russland til Julia Seljeseth (tv), opprinneleg frå Arkhangelsk
Foto: Kari Johanna Tveit