Geir Arne Åsnes

Alle må betale FoU avgift

-Alle skal betale FoU avgift i ei eller anna form, og det er no gjort ein gjennomgang for å finne ut kven som skal betale avgifta til Stiftelsen Norconserv, seier styreleiar Geir Arne Åsnes til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Det siste året har mange bedrifter som produserar heil- eller halvkonservert sjømat mottatt krav om innbetaling av FoU- avgift til Stiftelsen Norconserv.

Ein del av denne typen bedrifter har betalt denne avgifta i mange år, medan andre ikkje har mottatt krav om dette før no i sommar.

Omfattar også røykt laks I utgangspunktet var avgifta til Stiftelsen Norconserv knytt til hermetikk, men lova frå 1984 omfattar også alle produkt som vert konservert og emballert i glas eller plast, eksempelvis røykt laks. -Vi har hatt ei rivande utvikling når det gjeld emballasje, og ein del av bedriftene har truleg ikkje kjent til at dei pliktar å betale denne avgifta til stiftelsen Norconserv, seier Geir Arne Åsnes som er styreleiar i stiftelsen. I fylgje Åsnes kan det sjå ut som om ein del sjømatbedrifter ikkje betalar FoU avgift, til Stiftelsen Norconsev, eller til Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond. -Det er desse bedriftene som må bli klar over at FoU avgifta må betalast, slik lovene er, framhevar han. Diskusjon om avgifta I det siste har det vore ein diskusjon i næringa om innkrevjing av denne avgifta, men i fylgje Åsnes er Stiftelsen Norconserv pålagt av Fiskeri- og kystdepartementet å krevje inn ei FoU avgift i lov frå 1984. Dette har Stiftelsen gjort, og gjer framleis. -Målet er at midlane skal nyttast direkte i prosjekt som er retta mot forsking og utvikling knytt til vidareforedling og konservering, seier Åsnes. Les også