
Alsaker kjøper AL Nordsjø på Bømlo
Alsaker Fjordbruk kjøper oppdrettsfirmaet AL Nordsjø på Bømlo. Alsaker utvidar derfor produksjonsvolumet i konsernet med kring ti prosent.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Alsaker Fjordbruk hadde før nykjøpet 20 matfiskkonsesjonar fordelt på ti kommunar i Hordaland og ti kommunar i Rogaland. Med dei to nye konsesjonane på Bømlo rår konsernet no over 22 konsesjonar. Alsaker har ikkje tidlegare hatt anlegg i Bømlo kommune skriv Tysnesbladet. – Med det nye anlegget vil me vera representert i fire oppdrettssoner. Det er ein fordel produksjonsmessig, seier Alsaker til Tysnesbladet.
Alsaker Fjordbruk sitt slakteri på Sunde er dei siste to åra oppgradert for mellom 30 og 40 millionar kroner. Slakeriet vil ha kapasitet til å ta unna det nye produksjonsvolumet som vil koma etter oppkjøpet på Bømlo.