
Aqkva-prisen til Lyngøy
Aqkva: Akkvaprisen 2011 ble tildelt Cato Lyngøy for hans godt utviklete sans for fellesskapsløysinger mellom oppdrettere og mellom oppdrettere og omgivelser.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Prisen ble utdelt under årets Aqkva-konferanse på Stord.
Under følger juryens begrunnelse:
"Aqkva prisen er ei utmerking som vert gjeven til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller tiltak eller langvarig engasjement har teke næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfylgjing og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.
Prisen skal vera ein honnør for vel utført arbeid og ein inspirasjon til vidare innsats for næringa og fellesskapet.
Årets prisvinnar er ein person som dei fleste av oss kjenner, han stikk seg fram på ein positiv måte i mange samanhengar innanfor havbruksnæringa og etterlet seg positive fotspor der han ferdast.
Prisvinnaren har ein særleg godt utvikla sans for fellesskapsløysingar og har arbeidd sterkt i og for fellesskap mellom oppdrettarar og mellom oppdrettarar og omgivelser, og det er særleg for denne brubyggjarrollen han no får Aqkva prisen.
Prisvinnaren var mellom initiativtakarane til og leiar for PD prosjektet som næringa på Vestlandet tok tak i før styresmaktene kom med pålegg.
Han var leiar og pådrivar i Luseprosjektet Lusalaus som er ein kraftinnsats for å få bukt med luseproblemet.
I begge desse prosjekta er alle oppdrettarane på Vestlandet med, og det er første gongen dette skjer i næringa – eit brubyggingsprosjekt.
Prisvinnaren har også vore primus motor i Vossolauget som er eit samarbeidsprosjekt mellom elveeigarar og villfiskinteressene i Vosso og havbruksnæringa, eit som er i ferd med å lukkast etter fangstresultata i 2010 å dømma.
Han er og med i Bransjegruppe Havbruk i FHL som ein av 7 representantar for heile landet.
Også i det private på lokalplanet er brubyggjar, fellesskapsmann, dugnadssjef, så fellesskapsansvaret gjennomsyrer denne mannen både i det professjonelle og det private."
Som vinner av av Aqkva-prisen 2010 fikk Cato Lyngøy et bilde malt for anledningen av kunstnaren Lars Slettebø fra Stord.