
Auka interesse for Polarfeed
Aqua Nor: Fôprodusenten Polarfeed har ikkje endra strategien for si deltaking på Aqua Nor, men interessa har vore større i år enn tidlegare.- Det har vel ein del å bety at dei andre produsentane ikkje var her med stand, seier Paal Christian Krüger i Polarfeed.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Administrerande direktør Paal Christian Krûger i Polarrfeed er veldig godt fornøgde med interessa for selskapet sin stand under Aqua Nor 2009.
Han framhevar at standen har vore eit samlingspunkt for eksisterande og eventuelle nye kundar, og at det handlar om å bruk god tid på kundane sine og gjerne få dei til å diskutere fôrkvalitet og ulike erfaringar med kvarandre. -Standen vår var ikkje veldig stor, men vi vurderar det som viktig å vere synleg på Aqua Nor, seier Krûger til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
I tillegg til å ha eigen stand har Polarfeed og Europharma samarbeida om arrangementet av ulike typar seminar om fôr og fiskehelse.
Krüger reknar med Polarfeed vil ha ei omsetting på mellom 280 til 300 millionar kroner i 2009. Produksjonen vil ligge på rundt 35 000 tonn. Dette er ein auke med 20 000 tonn frå 2008.