
Beinhardt, men nødvendig
-Dette blir ei beinhard omstilling for næringa, men det er truleg heilt nødvendig for å sikre at vi har mogelegheiter for vekst og god lønsemd på same tid som vi reduserar konfliktar på lang sikt. Det seier Jørgen Christiansen i Marine Harvest i ein kommentar til rapporten frå Gullestadutvalet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Fredag la det såkalla Gullestadutvalet med Peter Gullestad i spissen fram sitt forslag til ny arealstruktur for næringa. Arbeidet med innstillinga så langt har skapt stor interesse i næringa, og det framlagde forslaget vil heilt sikkert ikkje skape mindre debatt. -Både næringa og offentlege myndigheiter på lokalt og sentralt nivå må vise store evner til å vere smidig, og til å samarbeid tett dersom ein skal få til omlegginga som det no vert lagt opp til. Forslaget inneber at det er heilt avgjerande at alle jobbar godt for å få til løysingar som både små og store selskap kan leve godt med, for dette blir ikkje så enkelt, seier Christiansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Behov for langsiktig tenking og kompetanse I fylgje Christiansen bekreftar utvalet Marine Harvest sitt syn på at det ikkje er konflikt mellom miljø og økonomi i havbruksnæringa berre ein klarer å tenkje og handle langsiktig. I rapporten vert det framheva at ein treng meir forsking og kunnskap på fleire områder. Dette handlar mellom anna om rømd oppdrettslaks og genetisk påverknad på villaks, om korleis lakselusa påverka den ville laksen, om korleis havbruk påverkar marine fiskebestandar og om økologiske effektar i fjordsystema.
Grunnlag for gode diskusjonar Christiansen framhevar at det enno ikkje har vore tid å gå grundig inn i rapporten, og han påpeikar at det ved grundig gjennomgang kan vere forslag som ikkje er like formålstenelege, og som det kan vere nødvendig å rette opp. Men dette vil eventuelt kome i høyringsrunda. Han vektlegg at utvalet har vore breitt samansett og at grunnlaget for ein god diskusjon etter hans meining absolutt er til stades.
Fornuftige tiltak I fylgje Christiansen er Marine Harvest veldig godt fornøgd med den opninga Regjeringa har gjort med tanke på å kunne produsere større smolt i ferskvatn. Selskapet ser også positivt på insentiva til å arbeide med ny teknologi for lukka produksjon av post-smolt på land og i sjø. -Dette er med å redusere produksjonstida i opne anlegg i sjø, og dersom det let seg gjere reint teknologisk vil det vere bra både for miljøet og for økonomien i næringa, framhevar Christiansen til slutt.