
-Bergh uttalar seg på sviktande grunnlag
Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund meinar havforskar Øyvind Berg må halde seg til sitt fagområde, og det er absolutt ikkje aktuelt å be Sjøtroll Havbruk AS om unnskyldning. -Bergh har ikkje vore å sett utsleppa på Osterøy og han har total mangel på innsikt, seier Oddekalv til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I ein artikkel på Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no i går sa havforskar Øivind Bergh at Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet må dokumentere påstandane sine om at Sjøtroll Havbruk AS har slept ut ensilasje ved eit anlegg på Sotra. Dersom han ikkje kan det, må han be selskapet offentleg om unnskyldning.
Men Oddekalv står på sitt om utsleppa, og har absolutt ingen planar om å gjere som Bergh seier. -Eg har sjølv vore ute ved anlegget og sett på det, og i tillegg har eg vitnar som støttar meg. Saka er jo veldig enkel. Eg vart ringd opp av folk som bur ved anlegget, og dei lyg jo ikkje. Tanga var grå, og det var fullt av feitt i fjæra, noko både analyseresultata og bildedokumentasjon viser, seier Oddekalv. Han legg til at saka no er meld til politiet.
Tynt triks frå Bergh si side Kurt Oddekalv meinar Øivind Bergh uttalar seg på eit heilt sviktande grunnlag i denne saka. Han seier det er typisk av Bergh å bruke eit så tynt triks som å prøve å arrestere han ved å sei at det handlar om furupollen. -Eg har absolutt ikkje sagt at det ikkje var pollen der, men det er også fiskefeitt, og neste gong det kjem opp ei slik sak bør Bergh rykke ut sjølv. Her viser han total mangel på innsikt og opptrer som ein amatør, men en det må jo stå for hans eige syn, seier Oddekalv og legg til at forskarane konsentrerar seg så mykje om små filleting at dei trur dei kan heile jordkloden.
Viser til lang erfaring med sånt arbeid Når Oddekalv skal forklare kvifor han kan sei at bileta av det omtala stoffet kan fungere som dokumentasjon på at det inneheldt fiskefeitt, viser han til at han har jobba med slike ting i mange år, og at han har meldt fleire selskap til politiet tidlegare. I forklaringa brukar han eit eksempel med korleis det ser ut på sjøen når ein får det han kallar gulpefeitt frå eit oppdrettsanlegg. Dette skal kome av at det er mykje feitt i fiskefôret, noko som gjer at laksen gulpar slik at det blir liggande ei feitthinne på havoverflata. Stoffet som det er tatt prøvar av på Osterøy, er noko liknande, men har i fylgje Oddekalv ei mykje høgare feittinnblanding.
Reagerar på uttalinga Kurt Oddekalv reagerar på at analyseselskapet Eurofins AS har uttala seg offentleg om prøvar som er sendt inn frå Noregs Miljøvernforbund, utan at dei har snakka med han om dette. Han har difor henta inn ei forklaring frå selskapet som er referert i sin heilskap nedanfor. Forklaringa er vidaresendt til Norsk Fiskeoppdrett frå Noregs Miljøvernforbund.
”Uttalelse fra Eurofins vedr fettanalyse på prøve merket "steinbelegg" (1386-1):
-Eurofins har ikke oppgitt analyseresultatet til andre personer eller institusjoner enn oppdragsgiver/rapportmottaker. Informasjon Eurofins har gitt utenforstående vedr fettanalyse på ovennevnte prøve er gitt utelukkende på generelt grunnlag. Eurofins utfører ulike type fettanalyser, bl.a. SBR-metode beregnet på næringsmidler. Denne metoden er generell og vil ikke kunne si noe om hvilken type fett en prøve inneholder. I den aktuelle saken har Eurofins ingen kjennskap til omstendighetene rundt prøvetaking eller hva som kan ha forårsaket belegget på steinene. Vi har ikke noe grunnlag til å mene noe om kilden til en evt forurensing av fettholdig materiale eller om dette skulle være en naturlig tilstedeværelse basert kun på den utførte analysen. Man kan dermed ikke bruke våre uttalelser til å trekke spesifikke konklusjoner vedr aktuell prøve, skriver selskapet i meldingen til Norges Miljøvernforbund.”