Dag Hansen

-Bløffemakar i Storfjord

Fiskar Egil Wilhelm Larsen i Storfjord sa tidlegare i haust at han hadde fått 1500 deformerte torsk på garna, men han kan ikkje dokumentere det. - Påstandane frå Larsen er berre bløff, seier Dag Hansen i Lofitorsk.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I oktober sende fiskar Wilhelm Egil Larsen frå Storfjord bilete av tre deformerte torskar til Fiskeridirektoratet. Han meinte fisken stamme frå oppdrettsanlegget i Storfjord. På same tid hevda han ovanfor både nettavisen.no og andre medium at han hadde fått fleire tusen kilo med deformert torsk i garna, på ein dag i september. Prøver å sverte selskapet I Storfjord Torsk AS og morselskapet Lofitorsk AS meinar dei Larsen bløffar for å sverte oppdrettsverksemda i Storfjord. Det er ikkje tatt prøvar av torsken og Bjørn Mikalsen ved Skaret Fisk AS som tok imot leveransane frå Larsen om bord på fiskebåten Perholm den aktuelle dagen, seier han ikkje har fått slike mengder med deformert torsk inn på bedrifta. -Hans samlikningar av insinuasjonar og ubekrefta påstandar fortenar i seg sjølv ikkje eit svar, men dersom nokon skulle ta påstandane seriøst, så handlar dette altså berre om tre deformerte torskar, seier Hansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Påstandane stemmer ikkje med fangstdata I fylgje Hansen stemmer heller ikkje Larsen sine påstandar med offisielle data over kor mykje fisk som er levert til mottak. Dersom han har fått så mykje torsk som han hevdar, må denne vere levert ein annan stad enn til godkjent mottak. -Sidan alle fangstar som er levert vert rapportert på nett, er det enkelt å sjekke kva dei einskilde fiskarane leverar. Av tre fangstar på til saman 680 kilo med den aktuelle storleiken frå fiskebåten Perholm i den perioden, var det berre 22 kilo som var nedklassa i kvalitet, seier Hansen. At han hevdar andre fiskarar har fått 5000 stk med same type deformert fisk, utan at dette er dokumentert, gjer ikkje saka meir truverdig. Og dersom han verkeleg har fått 1500 deformerte torskar, eller bort mot 3000 kilo av sorten, når mindre enn 1000 kilo er levert til godkjent mottak, må ein jo lure på kva den andre fisken er blitt av, meinar Hansen. Har ikkje hatt rømming etter stormen Narve I fylgje Hansen har selskapet rapportert i høve til lovfesta føreskrifter dei gongane dei har opplevd rømming. Det skjedd før 2003, og etter det hadde dei havari då stormen Narve øydela eit stålanlegg i 2006. Han framhevar vidare at dei brukar doble nøter i merdane og at dei har levert all nødvendig dokumentasjon på kontrollar og vedlikehald. Likevel er det Storfjord Torsk som må leve med dårleg rykte. -Med vårt samtykke er det tatt DNA-prøvar av fisken i anlegget i tillegg til fisken som står utanfor merden, men før resultata frå desse analysane føreligg, må vi leve med eit rykte som stiller selskapet i eit mistenkeleg lys ovanfor omverda, seier Hansen. Fiskeridirektoratet kontrollerar ikkje Larsen Dag Hansen stiller seg undrande til at Fiskeridirektoratet set i gang eit omfattande apparat for å sjekke ut om Storfjord Torsk har gjort noko ulovleg, utan at dei også sjekkar om Larsen sine påstandar stemmer med verkelegheita. -Vi syns det er rart at Fiskeridirektoratet ikkje vil sjekke om påstandane frå Wilhelm Egil Larsen stemmer. Så langt er det berre dei tre bileta som er lagt fram som dokumentasjon på at han fekk deformert torsk i garna, seier Hansen.