Are Nylund

Bør byte prøvar

Universitetet i Bergen og Veterinærinstituttet har påvist ulike typar ILA-virus i eit anlegg i Sør Troms. -I slike samanhengar bør vi byte materiale og analysere på ny, seier Are Nylund ved Universitetet i Bergen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Analysar frå prøvar tatt på ulike tidspunkt frå Straumen Havbruk i Gratangen gav ulike resultat. Prøvane som vart analysert ved universitetet i Bergen sommaren 2008 synte at laksen ved anlegget var smitta av eit virus som ikkje har same opphav som det viruset som har smitta laksen i dei andre anlegga i regionen. No har Veterinærinstituttet lagt fram resultat frå sine analysar, og desse viser at viruset som hadde smitta laksen i heile Astafjordområdet berre hadde eit opphav. Etterlyser samarbeid Mange etterlyser no at dei to aktørane må samarbeide i staden for å krangle offentleg, og spørsmålet om byting av prøvemateriale for å gjennomføre nye analysar, melder seg i stadig fleire samanhengar. -Sidan det er fiskesjukdomsgruppa ved Universitetet i Bergen som har utvikla genotypingssystemet for ILA virus, og sidan vi har langt meir erfaring med sekvensering og genotyping av viruset enn Veterinærinstituttet, vil jo den beste løysinga ver at dei sender sitt materiale til oss, seier Nylund, men han er også einig med at det ville vere heilt naturleg å byte materiale i ein slik samanheng som dette. Fleire typar virus Både Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet og Are Nylund ved Universitetet i Bergen framhevar at det kan vere to ulike virus som har smitta laksen i anlegget. Dette har skjedd tidlegare, men det skal vere svært sjeldan. Les også Må gjerne komme til oss med prøvane

Viruset har same opphav