
Bør få orden på omdømet
Næringa bør engasjere seg meir i sitt eige omdøme og arbeide for å sikre rekrutteringa til det som er framtida for mange kystsamfunn. Det seier masterstudent ved Høgskulen i Bodø, Ann Cecilie Ursin Jacobsen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Ann Cecilie Ursin Jacobsen deltok på Sats på Torsk sitt nettverksmøte som vart arrangert i Bodø sist veke. Ho skriv hovudoppgåve om kvalitetsvariasjon i saltfisk produsert av vill og oppdretta torsk og har alt ein fast jobb som ventar på henne når ho er ferdig til våren. Men sjølv om vegen ser lys ut for Ursin Jacobsen og fleire av hennar medstudentar, er ho bekymra for korleis det vil gå med næringa i tida som kjem. Ho meinar næringa og dei som jobbar i den i mange samanhengar har vore urettferdig framstilt i media i seinare tid. -Vi har ei næring med masse folk som brenne for det dei jobbar med. Det er ikkje berre tanken på profitt som gjeld, dei vil jo gjerne bidra, seier Ursin Jacobsen. Jaktar på syndarar og ikkje på løysingar Men sjølv om næringa har mange engasjerte folk, har det gått nedover med omdømet, og ho trur ikkje ungdommen vil fortsette å søke til næringa, dersom det ikkje skjer ei grunnleggande endring. Etter ho begynte å studere i 2004 har rekrutteringa til havbruksnæringa også gått ned, og ho meinar næringa må bli mykje flinkare til å profilere seg innanlands. -Næringa må jobbe med omdømet sitt dersom ein skal klare å rekruttere fleire folk, sånn er det berre. Slik det er i dag jaktar ein på syndarar og ikkje på løysingar. Rekrutteringssituasjonen har vore vanskeleg lenge, men situasjonen med rømming og lakselus har ikkje hjelpt på, seier Ursin Jacobsen. Ei evigvarande utfordring Ho trur også ein må bli mykje flinkare å synleggjere ovanfor ungdommen kva det faktisk inneber å jobbe i havbruksnæringa . -Dette er jo ei evigvarande problemstilling, men situasjonen blir jo ikkje betre så lenge ein berre pratar utan å gjere noko med det, seier ho til slutt.