– Bør ikkje lenger vere nasjonal laksefjord

Ein konsekvens av avgjerda om fjorddeponi bør vere at vedtaket om at Førdefjorden er nasjonal laksefjord blir oppheva, seier Elin Tveit Sveen, til NRK.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ho meiner ordførarane i Askvoll og Naustdal no bør jobbe for at oppdrettsnæringa får sleppe til i indre delen av Førdefjorden.

– Dei bør no vise like stort engasjement som dei har gjort for gruveplanane for at den nærmaste oppdrettsverksemda, Flokenes fiskefarm, får alternative lokalitetar. Og den einaste vegen det er mogeleg er innover fjorden, seier ho til NRK.

Det vil seie innanfor Ålesundet, der grensa for den nasjonale laksefjorden vart lagd i 2006. Den eine lokaliteten til Flokenes fiskefarm ligg no på sørsida av Førdefjorden med fortøyingane i det som skal bli deponi. Ettersom oppdrettarane må dokumentere at maten som produseres er i eit reint miljø, og krava blir stadig strengare, er Sveen redd for at dei får problemmed dette når deponiet er igang.

– Vi jobbar med å prøve å skaffe oss alternative lokalitetar, men det er ikkje tilgjengelege lokalitetar i området her, og det minkar på tilgjengeleg areal langs kysten. Difor er det trasig at dei vel å bruke eit område som er veleigna til matproduksjon til deponi.