
Brødrene Larsen får ikkje levert fisk
Fiskebedrifta Brødrene Larsen får ikkje levert fisken dei produserar, etter brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger i går. No meinar dei ei ferje bør kome på plass.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
KALVÅG: Etter brannen i tunnelen står Bremangerlandet no utan fast vegforbindelse med omverda. Fiskebedrifta Brødrene Larsen Eftf på Kalvøya i Kalvåg merkar konsekvensane av tunnelbrannen godt.
- Vår største vareflyt går frå Oslo, men all transport frå oss her på Kalvøya blir råka. Det vil påføre oss tap på innlandssal, seier dagleg leiar i bedrifta, Sylvi Røys til Firda avis.

Røys fortel at dette gjeld alle leveransar selskapet har, til både hotell og restaurantar. Kor mykje dei leverer varierer, men ho fortel at det utgjer ein god del av totalleveransen deira.
Normal drift
Den daglege leiaren meinar dei no bør få på plass et ferjesamband mellom Smørhamn og Kjelkenes. Det kan løyse selskapets transportutfordringar.
Ho kan fortelje at den daglege drifta går som normalt, men dei tilsette bur i Kalvåg og Bremanger området og er avhengige av at ferjene er i drift.
- Det første eg tenkte då eg høyrde dette var at no blir vi isolerte. Og det i lang tid framover. Kor lenge det blir veit vi jo enno ikkje, seier Røys til avisa.