Brit Hjeltnes

Brit Hjeltnes er opprørt

Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet er usikker på om alle lakseoppdrettarane har forstått alvoret når det gjeld problema med lakselus -Eg lure på om det er nokon som ikkje har fått med seg kor alvorleg dette faktisk er, seier ho til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Etter to dagar på generalforsamling i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining uttrykkjer Brit Hjeltnes frå Veterinærinstituttet bekymring for om det er einskildaktørar som ikkje har forstått problemet med lakselus og utvikling av resistens mot legemiddel. Ho viser til at det var personar som har uttrykt seg på ein slik måte under debatten at det gir grunn til bekymring. -FHL har forstått alvoret, men debatten på generealforsamlinga har fått meg til å lure på om det faktisk er slik at vi har einskildaktørar som ikkje tek situasjonen alvorleg. Dersom det er tilfelle, har heile næringa eit problem, seier Hjeltnes til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Ho meinar det siste året har avdekka at næringa har eit stort forbetringspotensial og ho syns ein skal vere audmjuk i denne situasjonen.

Hjeltnes framhevar at løysingsstrategien som dei fleste i næringa har gått god for, er fullstendig avhengig av oppfølging frå alle. -Det er heva over ein kvar tvil at vi har problem med resistensutvikling i nokre områder, og no gjeld det å hindre at dette skal spreie seg til områder der lusa ikkje har utvikla resistens mot effektive lusemiddel, framhevar Hjeltnes.