
Den kollektive galskapen
Harstad: -Når alle skal vere smartare enn alle andre får vi ein kollektiv galskap som nokon snart må ta ansvaret for. Det sa Alfred Bringsvor frå DnBNor i si innleiing på Nord-Norsk havbrukslag sitt medlemsmøte i Harstad i går og mana til at bransjen må finne løysingar for å redusere produksjonen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Prismekanismane fungerar slik at dersom volumet aukar, går prisen ned. -For ein oppdrettar er det rasjonelt å tenke inntening i form av produksjonsauke, men dersom alle gjere det same, så får vi ein kollektiv galskap, seier Bringsvor. - For å få regulert produksjonen må laksoppdrettarane i Nord Norge på lik linje med oppdrettarane i alle andre regionar feie for eiga dør, seier Bringsvor og påpeikar at næringa ikkje har lært av skadeverkandane etter store utsett i 2000. I vår når ein trudde på ei positiv utvikling, så auka utsetta igjen.
Bringsvor si løysing på problema i næringa er at ein må tenkje på struktur og eigarskap og kva som er mest effektivt og gir best inntening. Ein kan ikkje tenkje sysselsetting dersom det medfører at heile bedrifta går over ende to år seinar. Ein må ha fokus på smoltkvalitet og fiskehelse og det må fylgjast opp. Bedriftene må tenkje langsiktig og ha ein solid finansiell struktur. I gode periodar må ein byggje opp eigenkapitalen slik at ein maktar å stå imot når nedturen kjem. Langsiktigheit inneber i praksis at ein må bli mindre grådige og akseptere prisar som likevel gir gode marginar.
Når det gjeld kostnadar må ein også ha fokus på slakteristrukturen og kva som skal til for å få denne kostnadseffektiv. Og i fylgje Bringsvor er store slakteri med full utnytting heile året meir kostnadseffektive enn dei mindre som oftast berre slaktar i periodar.
DNBNor Bank ASA vil ikkje bidra til finansiering av auka produksjon - Vi vil ha dei beste kundane og det er dei som evnar å tenkje langsiktig mellom anna ved hjelp av å gå vekk frå spotsal og å teikne langsiktige kontrakter, seier Bringsvor.
Den store debatten etter innlegget til Bringsvor uteblei, men Fredd Wilsgård frå Wilsgård Fiskeoppdrett AS på Senja, poengterte at store slakteri som medfører lengre transportar absolutt ikkje samsvarar med fokus på fiskehelse og fiskevelferd. I tillegg så får oppdrettarar som kan levere til sitt lokale slakteri oftast ikkje utgifter til brønnbåt, noko som også reduserar produksjonskostnadane.
.