
-Den nye kommisjonen blir meir uavhengig
Magnor Nerheim i Fiskeri- og kystdepartementet forstår ikkje Tarald Sivertsen sitt utspel om at han ikkje har tillit til den nye rømmingskommisjonen sidan den er underlagt Fiskeridirektoratet. –Det er heller slik at vi har gjort endringar som styrkar kommisjonens uavhengigheit, seier Nerheim.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Sist veke sa Tarald Sivertsen som leiar FHL sitt rømmingsutval til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at han ikkje har tillit til den nye Rømmingskommisjonen som no vert etablert etter at den gamle vart lagt ned tidlegare i år. Årsaka er i at den vert lagt direkte under Fiskeridirektoratet. Men ekspedisjonssjef Magnor Nerheim i Fiskeri- og kystdepartementet ser ikkje dette som eit problem.
Den nye rømmingskommisjonen for akvakultur (RKA) som no er under etablering liknar i fylgje Nerheim mykje på sin forgjengar. Men det vert gjort nokre endringar som han i sum meinar heller styrkar, enn svekkar kommisjonens uavhengigheit i høve til Fiskeridirektoratet.
Han viser til at den nye kommisjonen skal ha færre medlemmar og bli meir teknisk orientert enn den gamle. Den vil også få ei eiga budsjettramme i staden for at Fiskeridirektoratet må godkjenne pengebruken, slik det var tidlegare. Og sist men ikkje minst så skal kommisjonen no rapportere årleg til Fiskeri- og kystdepartementet, noko Nerheim trur vil vere med å styrke kontakten mellom kommisjonen og departementet.
Ikkje berre politiet som skal ta seg av lovbrot. Nerheim er heller ikkje heilt einig med Sivertsen sin kommentar om at det er berre er politiet som skal ta seg av lovbrot og viser til at Akvakulturlova opnar for administrative reaksjonar på brot på lova og forskriftene. Dette gjeld i mindre grove tilfeller og i form av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr. Han framhevar at dette prinsippet ikkje er særeige for akvakulturlova, det gjeld eksempelvis også etter Matlova og Havressurslova.
Å forstå årsaka er det viktigaste Sivertsen meinar kommisjonen si oppgåve i denne samanhengen er å finne årsakene til rømminga, og ikkje drive med straffeforfølging, noko Nerheim seier seg heilt einig med. - Det er difor Rømmingskommisjonen skal assistere Fiskeridirektoratet i arbeidet med å finne årsakene til rømming, seier Nerheim til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Må ikkje brukast som unnskyldning Sjølv om Sivertsen framheva at det ikkje er ei unnskyldning, så ser han at problemet med lakselus har gjort det nødvendig med meir handtering, noko som medfører større fare for rømming. Dette er Nerheim heilt einig med, men vurderar det berre som ei ny utfordring som må løysast. - Vi kan ikkje unnlate å lusebehandle på grunn av frykt for rømming. Men oppdrettarane må vere bevist kva dei gjer og fylgje dei prosedyrane dei har for å hindre at det skjer rømming. Lusebehandling gjev oppdrettarane ei større utfordring, men ikkje ei ny unnskyldning, seier Nerheim.
Så rask som mogeleg Den gamle kommisjonen vart lagt ned tidlegare i år, men det er enno ikkje klart kva tid den nye er etablert. - Sjølv om vi ikkje har ein kommisjon akkurat no, så er Fiskeridirektoratet i høgste grad operativt, seier Jens Christian Holm i Fiskeridirektoratet. Les også: