
Det er næringa sjølv som bestemmer
Shanghai: Lisbeth Berg Hansen har ikkje bestemt kva som vil skje med den planlagde produksjonsauken på fem prosent, og ho kan heller ikkje love aktørar som ikkje har problem med sjukdom eller lus at dei får ein auke. -Eg forstår at dei kan oppleve dette som urettferdig, men har ingen kommentar utover det, seier Berg Hansen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Lisbeth Berg Hansen deltek på den norske sjømatveka på Expo 2010 i Shanghai. Ho er her for å synleggjere norsk sjømat og utviklinga av eksporten frå Noreg til Kina.
Men sjølv om eksporten til det folkerike landet i aust har auka svært mykje dei siste åra, så er ikkje ministeren redd for at ei massiv markandsføring no, på same tid som det er usikkert i kva grad vi får eit vetak om produksjonsauke i 2010, vil medføre at vi ikkje klarer å levere dei produkta vi lovar. -Eg ser ikkje anna enn at vi produserar meir og meir, og det vart jo tildelt ein del konsesjonar i fjor som gir oss vekst i tida framover, seier Hansen. Ho legg til at norsk laksenæring skal vekse meir, men at det er opp til næringa sjølv å vise at ein kan handtere dei problema ein har kome oppi.
Eit stykke på veg Ho vurderar første del av arbeidet som tilfredsstillande og tenkje då på at aktørane måtte få ned lusetala i den perioden då villakssmolten vandra ut. -Det klarde dei, men så gjenstår det å sjå om ein oppnår dei langsiktige måla i høve til lusesituasjonen, seier Berg-Hansen.
Forstår at det blir opplevd som urettferdig Fiskeri- og kystministeren har forståing for at aktørar som driv i områder der det ikkje er mykje lakselus og der ein ikkje har hatt særlege problem med sjukdom kan oppleve ein stopp i veksten, også for dei, som urettferdig. -Når eg sa stopp så gjorde eg det for alle, men eg forstår jo at dei kan føle dette som urettferdig, og eg ser at det er eit potensial for vekst i Nord-Noreg, seier Berg-Hansen.
Ei overordna utfordring Lisbeth Berg-Hansen viser til at næringa også har ei overordna utfordring i høve til omdøme, men ho er ikkje med på at dette er avgjerande for vedtaket om vidare vekst. -Det er inga direkte kopling mellom desse sakene, og no kan eg berre sei at eg vil kome attende til saka før utgangen av året, seier fiskeri- og kystministeren til slutt.