
– Det ser ut til å ha gått bra
- Evakueringa i Brekke er over, og det ser ut til at noko av fisken kan bergast, seier dagleg leiar ved Slakteriet AS, Kristin Bergstøl Hansen til avisa Nordhordland.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Lakseslakteriet Slakteriet Brekke AS på Brekke i Gulen vart tysdag føremidda evakuert på grunn av ustabil grunn. Det jobbar rundt 30 personar på anlegget. Rundt 10 tonn fisk var tatt opp av merdene og skulle gjerast klar for slakting og sendast ut på marknaden. Ei stund frykta Hansen at all fisken var tapt, og at store verdiar var gått tapt.
Les også: Lakseslakteri på ustø grunn
Men alt i 16-tida byrja elva å verta mindre og evakueringa vart oppheva. Politiet trakk seg òg vekk frå staden i den tida.
Tysdag kveld ser det noko lysare ut.
– Ein har vore og sett over det i kveld og innvendig ser det ut til at produksjonslokala er inntakte. Det ser ut til at det har gått mykje bra, seier ho til Avisa Nordhordland.
– Kva med fisken?
– Me veit ikkje enno kor masse som kan reddast. Men ein klarar å kjøla ned noko av det, og så har ein tatt vekk det som ikkje kunne brukast, seier ho.