Lisbeth Berg-Hansen

Dårlig vær er inga unnskyldning

Stormen "Dagmar" klarde å kople heile regionar ut frå kommunikasjon med omverda i mange dagar. Men det er i fylgje Lisbeth Berg-Hansen inga unnskyldning for at utstyret som oppdrettsnæringa brukar ikkje skal tåle slike krefter.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Etter orkanen "Dagmar" herja på Nord-Vestlandet etterlyste lakseoppdrettar Fredd Wilsgård i ein artikkel på Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no ein debatt omkring kva som skjer når linjenettet vert kopla ut i mange dagar, og kven som må stå til ansvar for det dette.

Han viste til at oppdrettarane vert omtala som bandittar dersom det rømmer fisk fordi utstyret ikkje held. Men når trea står for nær linja og det medfører at folk kan vere utan kommunikasjon med omverda i mange dagar, er det ingen som blir stilt til ansvar.

Trur det kjem ein debatt Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen er einig med Wilsgård i at det hadde vore fornuftig å bruke stolpar som tåler orkan og å hogge strømgatene så breie at ein ikkje risikerar at det er tre som dett over linja og koplar ut heile nettet i mange dagar. Og ho trur skadane etter stormen "Dagmar" vil tvinge fram ein debatt om dette. Men ho ser det absolutt ikkje som ei unnskyldning for at havbruksnæringa ikkje skal gjere det som er mogeleg for å hindre rømming.

-Det er nok ikkje mogeleg å stå imot alt, men vi må rekne med at det blir meir vær, og næringa gjer veldig klokt i å ta inn over seg at forbrukarane også er opptatt av dette, seier Berg-Hansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Ny forskrift Men ho viser også til at næringa er opptatt av å sikre fisken sin, og i tillegg er det no innført ei ny forskrift som i praksis medførar krav om godkjenning av at utstyret som vert nytta er tilpassa værtilhøva på den lokaliteten det gjeld.