Hans Jørgen Runshaug

- Ei politisk plikt å leggje til rette for vekst

Hans Jørgen Runshaug som var administrerande direktør i Sjøtroll har gått attende til sin tidlegare jobb, men har likevel mange meiningar om utviklinga i havbruksnæringa. – Næringa har eit ansvar for å vekse, men det må vere ei politisk plikt å leggje til rette for det, seier Runshaug.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Etter tre år i førarsete for Sjøtroll har Hans Runshaug takka for seg og overlate roret til andre. Han vil attende til sin gamle jobb, men har likevel eit stort engasjement for det som skjer i havbruksnæringa. - Eg har vore med på ei spanande og lærerik reise i oppdrettsnæringa, og ville aldri vore det forutan. Både i Sjøtroll og elles i næringa møter vi jordnære og hardt arbeidande folk, og vi møter ein kultur som trass i god inntening i periodar, absolutt ikkje tek av. Her er det inga høg sigarføring, og det er jo eit veldig godt utgangspunkt for vidare utvikling, seier Hans Jørgen Runshaug.

Før Runshaug begynte som administrerande direktør i Sjøtroll for tre år sidan, har han i nesten 20 år drive med «management for hire», styreverv og bedriftsrådgjeving gjennom selskapet Rucon. Og sjølv om han er opptatt av havbruksnæringa, så uttrykkjer han at trongen til å gå attende til det han dreiv med tidlegare no vart påtrengande.

Tidlegare administrerande direktør i Sjøtroll meina det trengs er ein klar og konkret vekststrategi der dei gode kreftene jobbar i same retning.

Semje om vekst Runshaug er svært opptatt av at havbruksnæringa må komme seg ut av den «frys» situasjonen ein har i dag, spesielt i Hordaland, og få til vidare vekst. - Eg opplever at det er ei brei semje om at havbruksnæringa skal vekse, både i næringa sjølv, i forvaltninga og i det politiske miljøet. Og slik eg ser det bør næringa ha eit ansvar for å vekse, og det må vere ei politisk plikt å leggje til rette for naudsynt vekst, seier Runshaug.

Men sjølv om det herskar semje om berekraftig vekst, har dialogen og prosessen vore destruktiv og problemorienterande. - Det som trengs er ein klar og konkret vekststrategi der dei gode kreftene i forvaltning, forskning, teknologi-leverandørar og næringa sjølv arbeider i same retning. Dersom energien vert brukt slik, oppnår vi vekst samstundes som fotavtrykket blir mindre. Det er retninga til fotavtrykket som er vesentleg, seier Runshaug.

Han meina at avgrensingar i produksjonen ofte vert gjort på eit svakt fagleg grunnlag, og mange restriksjonar vert vedtatt med utgangspunkt i føre var prinsippet, utan at det er basert på god nok kunnskap. - Føre var-handlingar aukar sjansane for å bruke feil medisin mot feil sjukdom, uttrykkjer den tidlegare direktøren.

Eit godt eksempel på dette er i fylgje Rundshaug arealutnyttinga i Hordaland der ein i utgangspunktet har mange små lokalitetar i høve til andre regionar langs kysten. Men han trur at det er mogeleg å produsere meir laks dersom ein fjernar ein del lokalitetar på same tid som ein aukar produksjonen på dei lokalitetane med best miljø, altså større produksjon på mindre areal totalt sett. - Det blir ein vinn-vinn situasjon, og i tillegg vert det jobba med utvikling av teknologi som vil gjere det mogeleg å spreie avfallet frå lokalitetane utover eit enno større område enn det som alt skjer i dag, og såleis fremje veksten i havet, seier Runshaug og framhevar at utviklinga går i denne retninga, men han meina det går for seint. - Først må ein bevise gjennom eit par laksegenerasjonar at lokaliteten har gode miljødata, deretter kan ein kanskje få lov å utvide, men med enno betre miljøovervakingsmetodar og enno større spreiing av avfall, kan utviklinga framskundast, meina han.

Fortenar eit betre omdøme Runshaug meina havbruksnæringa fortenar eit mykje betre omdøme enn den har i dag, og at det burde vore enno meir synleg kor effektiv matproduksjon oppdrett av laks faktisk er. Han trur det vil skje mange nye ting når det gjeld havbruk og miljø og ny teknologi, og næringa gjere veldig mykje sjølv, men han trur også at utstyrsprodusentane må vere drivande inn mot næringa. - I den dagleg drifta i havbruk vil det og skal det først og fremst vere fokus på produksjonen. Sjølv om ein også skal ha fokus på nytenking, så kan ikkje drivarane stå i front på forsking og utvikling innafor alle relevante områder. Her treng ein også aktørar som kan konsentrere seg om utviklingsdelen, seier Runshaug og viser til at prosjektet med luselaseren som nyleg vart lansert er eit godt eksempel på samarbeid mellom havbruksnæringa og dei som driv utstyrsproduksjon og teknologi. Framover vil det bli enno meir bruk av teknologi og kunnskap frå andre sektorar, til dømes frå olje og gass, der Noreg også er verdsleiande.