Eidsvik mot ordrestraumen

I ei tid då norske skipsverft opplever ordretørke, kan dei 60 tilsette ved Eidsvik Skipsbyggeri jubla over ein ny storordre.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Denne gongen er det tre reiarar i Skottland som har gått saman og tinga ein ny trålar hos skipsverftet i Uskedalen. Ordren har ein verdi av 130 millionar og sikrar dei tilsette full sysselsetting ut året. Det er i desse dagar nøyaktig eit år sidan Eidsvik Skipsbyggeri sist teikna ein båtkontrakt. ? Eg håpar at det ikkje vil gå så lang tid til neste gong. For å utnytta anlegget og kapasiteten vår maksimalt, bør vi sikra oss to slike ordrar i året, seier dagleg leiar Svein Arne Eidsvik. Men utsiktene for norske verft er usikre. Meir enn nokon gong tidlegare slit norske verft med å få fylt opp orderbøkene. Ved utgangen av 2000 hadde norske skipsbyggeri ein ordrereserve på 30 milliardar kroner. For dette året er det inngått kontraktar for knappe fire milliardar. Kjenner konkurransespøkelset Svein Arne Eidsvik må berre innsjå at konkurransen frå norske, og ikkje minst utanlandske verft, er knallhard. Når skipsindustrien i tillegg føler at den ikkje har støtte hos dei øvste politiske styresmaktene, vert det svarte skyer som samlar seg på den norske skipsindustri-himmelen. ? Vi saknar ein forutsigbar industripolitikk i Norge. Slik det er i dag, får vi stadig endringar i rammevilkåra våre. Storting og regjeringsmedlemene må koma seg ut i distrikta og sjå kor verdiskapingane skjer, seier Eidsvik. Han peikar på den sterke norske krona, bortfall av subsidiar og generelt høge kostnadar som viktige grunnar til at skipbyggjarindustrien har hamna i den situasjonen som den har gjort. (Kvinnheringen)