May Britt Manin
Ein gong fisk, alltid fisk
Med bedrifta Maricom, vidarefører tidlegare sekretariatsleiar i Fiskerinæringens kompetansesenter May Britt Manin sitt engasjement i og for fiskeri- og havbruksnæringa. I dag tek ho imot 262 deltakarar på FISK 2004 i Tromsø.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Av Kari Johanna Tveit
May Britt Manin kjem frå Skarsvåg i Nordkapp kommune og her starta også hennar karriere i fiskeri og havbruksnæringa med praksis både frå produksjonen og administrasjonen på fiskebruket. I 1977 begynte ho på Fiskeriforskning i Tromsø som sekretær, før ho vart informasjonskonsulent i 1984. Manin har også studert på deltid i lange periodar og semesteroppgåva på sosiologi om korleis reiselivsnæringa og fiskeri- og havbruksnæringa kan dra vekslar på kvarandre frå 1990 er enno høgst aktuell. FFK og Finko Då Fiskerinæringens Felles Kompetansestyre (FFK) vart etablert i Tromsø i 1992 vart Manin tilsett som sekretariatsleiar, ei stilling som ho også fortsette i når Fiskerinæringens Felles Kompetansestyre og Fiskerinæringens Kvinneutvalg vart lagt ned i 2001 og ein fekk etableringa av Fiskerinæringens Kompetansesenter (Finko). Maricom Då det vart vedtatt at Fiskerinæringens Kompetansesenter heller ikkje skulle vidareførast, var ikkje Manin i tvil om at hennar neste jobb også måtte handle om fisk, men no var det heilt naturleg å etablere si eiga bedrift. Maricom vart registrert i Brønnøysundregistrene sommeren 2004 og sidan den tid har ho hatt meir enn nok å henge fingrane i. Forretningsidéen er å tilby produkt og tenester i skjeringspunktet mellom næringsaktørar, FoU og skuleverk. Arbeidet omhandlar i hovudsak organisasjonsutvikling og rekruttering, nettverksbygging og tverrfagleg samarbeid, nasjonalt og internasjonalt. Ei viktige oppgåve så langt har vore å arrangere fagtur til Kina for medlemsbedrifter og tilsette ved opplæringskontora for Fiskeri og havbruksnæringa.
Til Kina for å lære I Fiskerinæringens Kompetansesenter var samarbeidet med Opplæringskontora for fiskeri og havbruksnæringa ein viktig del av arbeidet. Heilt frå innføringa av Reform 94 var Manin ein pådrivar for å få etablert opplæringskontor langs heile kysten.
Gjennom mange år hadde Kompetansesenteret også ansvaret for fagsamlingane for desse kontora. Då dei no bestemde seg for å organisere ein felles fagtur til Kina for medlemsbedrifter og tilsette ved dei ulike kontora, var det heilt naturleg å engasjere Manin til administrere både det praktiske og det faglege innhaldet på turen. Og med 29 deltakarar som både deltok på fiskerimesse og vitja fiskeribedrifter vart dette ei krevjande, men fagleg interessant og nyttig oppleving både for deltakarane og for Manin sjølv. (Foto: May Britt Manin) FISK 2004 Når Fisk 2004 startar i Tromsø i dag, er det May Britt Manin som er prosjektleiar og har kontrollen på det meste. Så då må vi berre ønskje lykke til både med gjennomføringa av konferansen og med etableringa av Maricom.