
Eit fortvila år for sjøauren
- Lakselusa skaper igjen eit fortvila år for sjøauren i Hardangerfjorden, seier Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag. Han meina den einaste løysinga er å redusere talet på vertsfiskar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Fiskarane i Hardangerfjorden har ifylgje Svein Helge Pedersen registrert mykje lus på auren i år også. I tillegg ser dei at det er mykje aure som samlar seg i elveosane.
- Vi ser mykje aure som går opp i elveosen for å bli kvitt lusa, seier Pedersen og viser til at dei har nytta dykkarar for å registrere situasjonen. Desse registreringane viser at det er snakk om lus i alle stadium, frå dei som nyleg har festa seg på fisken, til vaksne ho-lus, noko som ifylgje Pedersen betyr det at det er ein situasjon som har vart over ein lang periode.
Berre ei løysing
Ifylgje Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord villfisklag er det berre ei løysing på desse problema, og det er reduksjon i talet op oppdrettslaks i fjorden.
- Fangsstatistikkar og gytefiskteljingar viser at det er ein dramatisk nedgang i sjøaurebestandane i alle hardangervassdraga. Vi har hatt så mange år med eksperimentering, så dei einaste svaret er å redusere talet på vertsfiskane, seier Pedersen.

Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag ser berre ei løysing i Hardangerfjorden, og det er å retusere talet på oppdrettsfisk.
Ideelle tilhøve for oppdrett
Hardangerfjorden vert av mange framheva som ideell for lakseoppdrett fordi vassutskiftinga er så stor. Men dette betyr ifylgje Pedersen at lusa også spreier seg i heile fjordsystemet, så han trur ikkje at sonene med brakklegging er så store at dei kan gi god nok effekt.
Han viser også til at fangsstatistikkar og gytefiskteljingar tyder på at det er ein dramatisk nedgang i sjøaurebestandane i samtlege hardangervassdrag.