
Eit svært godt overvakingssystem
Mattilsynet har no gjennomført målingar av laksen på tre av dei fire anlegga som russiske myndigheiter hevdar har ekstremt høge konsentrasjonar av bly og kadmium, og Eksportutvalget for fisk (EFF) sender informasjonen ut. -Dette viser at vi har eit svært godt overvakingssystemet, seier Åshild Nakken i EFF til kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit
-Alle prøvane som er tatt på dei ulike anlegga ligg godt under EU sitt regelver, og verdiane av bly og kadmium er så små at det nesten er vanskeleg å påvise noko i heile tatt, seier Reidun Agathe Medhus i Mattilsynet til kyst.no.
Eksportutvalget for fisk sender no ut informasjon om resultatet frå Mattilsynet sine målingar.
-Vi har eit svært godt overvakingssystem og i slike samanhengar ser vi kor viktig det er å ha ein tilfredsstillande beredskap. Det skaper tryggleik både for produsentar, kjøprar og ikkje minst for konsumentane, seier Åshild Nakken i Eksportutvalget for fisk til kyst.no.
Nakken har også bedd alle på utekontora om å følgje nøye med i media i dei ulike marknadane. Dette gjer at EFF kan reagere raskt dersom det kjem nye mediaoppslag.
Ingelill Jacobsen som er utsending for Eksportutvalget for fisk i Russland deltok fredag på møte mellom den norske ambassaden og russiske myndigheiter.
-Vi overleverte dokumentasjon på korleis det norske overvakingsprogrammet fungerar. Dette syner heilt klart at innhaldet av tungmetall i norsk laks har vore svært lågt i mange år, og att det held seg godt under EU sine grenseverdiar. Vi inviterte også russiske myndigheiter til å komme til Noreg å inspisere dei aktuelle anlegga, men vi veit ikkje kva tid dette vil skje, seier Jacobsen til kyst.no