Kristina Landsverk

Elektroniske attestar frå i dag

I dag innfører Mattilsynet bruk av elektroniske attestar ved eksport av all norsk sjømat. -Vi har reserveløysingar, så det skal ikkje stå att fisk dersom det ikkje fungerar, men dei nye attestane skal vere i bruk frå i dag av, seier Kristina Landsverk i Mattilsynet til Norsk Fiskeopdrett/kyst.no.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Ordninga med bruk av elektroniske attestar har fungert ved eksport av fiske til Russland frå februar og i fylgje Landsverk har dette fungert bra. Men ordninga som no vert innført er mykje meir omfattande og arbeidet som har vore gjennomført i høve til Russland har vore ein god test. Hindrar kopiering Tidlegare vart attestane trykte på vanleg papir, men no er det tatt i bruk papir som er prega med ulike fargar ut frå produkt. I tillegg er det tatt i bruk til vassmerke og hologram som mellom anna gjer det umogeleg å skanne og kopiere papiret utan at dette vert oppdaga. Men overgang til elektronisk handtering er likevel den viktigaste endringa. Eksportørane skal no bestille attestane via Alltinn, men attestane må til slutt stemplast ved Mattilsynet sine regionkontor. Fornøgde russerar Både russiske veterinærmyndigheiter og Mattilsynet har vore fornøgde med det systemet som vart innført for eksport av sjømat til Russland frå februar i år. -Vi har hatt god nytte av det arbeidet som har vore gjort i høve til Russland, men systemet som no vert innført er mykje meir gjennomarbeidd, seier Landsverk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Attestane som no skal brukast ved eksport til Russland er også justerte i høve til dei som vart tatt i bruk i februar og desse er no oversendt til russiske veterinærmyndigheiter i Moskva.