Arne Nielsen, Orkla Fellesforvaltning

Elveeigarane vi ha betre kontroll på rapporteringa

Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning er einig med Direktoratet for naturforvaltning i at det må gjerast noko med rapporteringa av fisket etter villaks både i elv og sjø. - Den bør vere hundre prosent over alt, og målet må vere å få til felles rutinar i heile landet, seier Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Sesonguttaket av villaks bygge mellom anna på fangstresultat frå året før, men kvaliteten på rapportering frå fiske er stadig omdiskutert. Det tek opp mot eit halvt år frå sesongslutt til statistikken føreligg, og mange meina at rapporteringa er mangelfull.

Dette prøver Direktoratet for naturforvaltning å gjere noko med, og elveeigarane støttar tiltaket. Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning og Atle Frøysland som organisera elvefiske i Gaula og Nausta i Sunnfjord meina rapportering er avgjerande for å få til ei god forvaltning.

- Det er veldig positivt at Direktoratet for naturforvaltning jobba for å få til ei betre og raskare rapportering. Statistikken er grunnlaget for all forvaltning, så det er absolutt ikkje haldbart at det skal ta så lang tid. I tillegg til årsstatistikken så har vi jo også midtvegs evaluering som også er viktig i forvaltninga, seier Nielsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Må forstå alvoret

Nielsen trur problemet med manglande rapportering er størst i dei minste elvane der organiseringa i meir eller mindre grad vert gjort på frivillig basis, men også dei store elvane har ein del å gå på

- Det er ikkje alle grunneigarar og sportsfiskarar som forstår kor viktig rapporteringa er, så det er truleg litt å hente både i store og små elvar, seier Nielsen.

Arne Nielsen, Orkla Fellesforvaltning

Det handlar også om sjølaksefisk

Men Arne Nielsen trur ikkje at problemet med sein rapportering er noko ein berre har i elvefiske. Dette handalar også om sjølaksefisket og han meina Direktoratet for naturforvaltning må sjå dette i ein samanheng, og ikkje starte med ein del av det først, slik Bierach seier at dei vil gjere.

Han meina også at rapporteringa frå sjølaksefiskarane kjem altfor seint, og at kontrollen med kven som rapportera inn er altfor dårleg.

- Det er ingen som kontrollera at alle fangstdagbøkene som er levert ut til sjølaksefiskarane, også kjem inn igjen. I tillegg kjem statistikken altfor seint, seier Nielsen.

Slik systemet er i dag meina han at det ikkje er nokon som har kontroll på sjølaksefiskarane, og systemet bør difor endrast slik at rapportering frå sjø vert likestilt med rapportering frå elv.

- Korleis skal den offentlege forvaltninga elles får heilt nødvendig oversikt over fangstane, spør Nielsen. Han hevdar at det fungera på same måten i dag som det gjorde på femtitalet.

Komplett statstikk ved sesongslutt

Dersom Arne Nielsen får det som han vil skal det føreligge komplett statistikk med ein gong sesongen er over.

- Men når det er sagt så må det også seiast at vi har jobba mykje dei siste 15 åra for å få til ei god rapportering. Tidlegare låg den sikkert berre på 40 prosent av fangsten, men no er vi i Trøndelag i alle fall oppe i 90 prosent, seier Nielsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Men han er klar på at rapportering bør vere hundre prosent over alt, og målet må vere å få til felles rutinar i heile landet.

Må purre fiskarane

Atle Frøysland i selskapet Fabelaktiv i Førde i Sogn og Fjordane organisera elvefiske i elvane Gaula og Nausta i Sunnfjord, og han støttar også Bierach og Direktoratet i tiltaket for å få til ei rask og god rapportering frå laksesesongen.

- Det er viktig med gode rutinar. Dersom vi skal selje eit produkt må vi vite kva vi har å selje, så det er veldig positivt at Direktoratet for naturforvaltning har rapportering i fokus, seier Frøysland.

Men han framhevar også at det må gjerast ein jobb for å sikre så gode data som mogeleg.

- Det er ikkje berre å halde seg innafor fristen som er viktig, i denne samanhengen. Det er også svært viktig at grunneigarane har kontakt med fiskarane. Dersom ein berre registrera det fiskarane har meldt inn, så får vi feil i statistikken. Det må vere rutinar på at alle som fiskar må kontaktast dersom dei ikkje har levert rapport, seier Frøysland. Slik det er i dag meina han fangststatistikken kjem altfor seint ut, noko han trur handlar om dårlege rutinar i mange ledd.