– EU bør ta i mot meir norsk sjømat

Ingrid Heggø, fiskeripolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, meiner at EU må ta unna for mykje av den sjømaten som normalt skulle vore eksportert til Russland.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– EU bør opna seg og ta i mot meir no når Noreg blir råka. Eg ser det som veldig naturleg at EU no tek i mot mykje meir av norsk sjømat, seier Heggø ti NRK.

Ho meinar at Russland importstopp er ein veldig alvorleg situasjon.

- I Sogn og Fjordane er det mange som har eksportert omtrent alt til Russland, til dømes dei som driv med aureproduksjon eller sild, og det er samfunn som vil bli hardt råka både i Florø og Måløy, seier ho.

– Det er viktig at ein har god kontakt med næringa no, at ein er frampå og prøver å finna løysingar på dette og avbøtande tiltak. Det er snakk om at boikotten skal vara eitt år, det er i alle fall det som er varsla, og då er det viktig å finna tiltak som gjer at næringa ikkje får svi alt for mykje, seier Heggø.

– I oppdrettsnæringa kan det til dømes vera at ein kan la meir fisk bli ståande i merdane i staden for å slakta dei ned med ein gong, fram til me har funne nye marknader. For dei som driv med laks er det ikkje så veldig farleg, for dei vil nok ganske kjapt finna nye marknader. Dei som driv med aureoppdrett vil derimot få problem, seier ho