Få funn av miljøgifter i marine oljer

Dei siste åra er det gjort få funn av miljøgifter i marine oljer til humant konsum. I perioden 2003-2006 har Mattilsynet testa 42 prøver av marin olje til humant konsum. Ingen av oljeprøvene overskrid grenseverdien for dioksin. Tre prøver hadde for mykje dioksinliknande PCB, skriver matportalen.no.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I 2002 fann Mattilsynet høge nivå av dioksin og dioksinliknande PCB i fleire marine oljer, og fleire oljer vart teke bort frå markedet. I prøvane frå 2003-2006 er det ikkje funne overskridingar av grenseverdien for dioksin (2 pg TE/g) i nokon av prøvene. For dioksinliknande PCB er det gjort tre funn over grenseverdiane (3 pg TE/g), to i 2003, og eit i 2004. Desse tre oljene er anten teke ut av produksjon, eller har skifta ut leverandør av olje. I 2006 vart det funne ei prøve av tran som var tett opp til grenseverdien. Råvareleverandøren tok nye prøver, og desse har vist lågare verdi. - Sjølv om resultata dei siste åra syner at dei aller fleste marine oljene no ikkje inneheld nivå av miljøgifter over grenseverdiane bør konsumentane velje tran som er reinsa. Ta direkte kontakt med produsenten dersom du er usikker på om tranen er reinsa for miljøgifter, oppmodar Liv Melland i Mattilsynet. Bakgrunn Som ein del av ei EU-kartlegging og overvakning av organiske miljøgifter i mat, tar Mattilsynet kvart år ut ca. 10 prøver av marine oljer som vert analysert for dioksin og PCB. Dioksin og dioksinliknande PCB er av dei miljøgiftene vi får i oss mest av, og den største eksponeringa for desse stoffa skjer via maten. Dioksin og dioksinliknande PCB, samlar seg i feittvev, og marine oljer må difor reinsast før dei kan brukast som kosttilskot. Dei store norske tran produsentane har lenge reinsa tranen for miljøgifter. Etter at det vart funne høge nivå av dioksin og dioksinliknande PCB i fleire marine oljer i 2002, fastsette Statens Næringsmiddeltilsyn (nå Mattilsynet) ein eigen, låg nasjonal grenseverdi for dioksinliknande PCB. Frå før av fantes ein felles grenseverdi for dioksin i EU/EØS.