
Fekk ikkje medhald hjå Fylkesmannen
Fylkesmannen var ikkje einig med mindretalet i Storfjord kommunestyret i at det vart gjort sakshandsamingsfeil då Storfjord Torsk fekk utvide torskekonsesjonen. -Det er nokon få som skrik høgt, men alle har jo lov å uttale seg, seier Ordførar Hanne Bråten til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Då Storfjord kommunestyre tidlegare i år innvilga søknaden om utviding av ein torskekonsesjon frå Storfjord Torsk med 13 mot to stemmer, anka mindretalet saka inn til Fylkesmannen i Troms med utgangspunkt i sakshandsamingsfeil. Kommunesturerepresentant Arvid Lilleng i Storfjord sa den gongen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at vedlegga til søknaden frå Storfjord Torsk ikkje var lagt ved saksdokumenta til kommunestyret. No har Fylkesmannen gjort ein lovligskapskontroll av sakshandsaminga og funne at alt vart gjort på ein rett og forsvarleg måte. -Kommunestyret hadde fått grunnleggande og god informasjon då vi gjorde vedtaket og dei fleste her i kommunen ønskjer både Storfjord Torsk og arbeidsplassane hjarteleg velkomen, seier ordførar Hanne Bråten til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.