Vevos Aqua, Kjell Lyder Risnes

Fekk ros for torske-oppfinning

Vevos Aqua AS og Kjell Lyder Risnes har funne opp eit lys som kan gje store framsteg innan torskeoppdrett. Dei vart tildelt heiderlig omtale i samband med Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Å utvikla tiltak for å utsetja kjønnsmogning er ei sentral utfordring innan torskeoppdrett. Tilførsel av lys er ein metode for å få dette til, skriv Vevos Aqua i ei pressemelding.

Torskelys, Vevos Aqua

Selskapet har utvikla ein flåte kalla Ecosky Lightraft (lysflåten) som inneheld kraftige lyskastarar som lyser nedover. Ved hjelp av asymmetriske reflektorar skal lyset dekkje heile merden. - Dette er meir naturleg for torsken enn dei løysingane som finst på marknaden no. I tillegg vil merden vere meir ryddig, med mindre vedlikehald og forstyrringar for torsken. Produktet kan gjere lysstyring enklare og meir praktisk også for laks, mener selskapet.

Risnes har inngått ein samarbeidsavtale med Havforskningsinstituttet for å teste og dokumentere dei biologiske effektane av oppfinninga. - Den kan vera med å auka lønsemda i heile oppdrettsnæringa, og produktet bør såleis ha eit stort marknadspotensial, skriv selskapet. I dag fekk Risnes heiderleg omtale for oppfinninga av fylkesordførar i Hordaland Torild Selsvold Nyborg i samband med Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris.

Fylkesordføraren peika på at satsing på marin næring er eit prioritert område i Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland då ho delte ut diplom og blomar til Risnes.