Ola Braanaas

Fikk pris for årtes bedrift

Prisen for Årets Bedrift 2009, vart delt ut for 23. gong av lokalavisa Strilen og Sparebanken Vest. Firda Sjøfarmer gikk av med seieren

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Det er viktig å ikkje slutta å ta sjansar, sa gründer Ola Braanaas til Strilen etter at Firda Sjøfarmer vart tildelt prisen som Årets Bedrift.

Selskapet fekk prisen på årsfesten til Nord¬¬hord¬¬¬land Handverk og Industrilag i Bergen laurdag, med Meland Arbeidssenter as og Knarvik Senterutvikling as som utfordrarar, skriv lokalavisa Strilen. Profil og omdømme utetter, marknadsføring, produktutvikling, omstilling og nytenking er nokre av kriteria, saman med økonomisk resultat og skaping av arbeidsplassar.

– Effektiv leiing I grunngjevinga frå juryen viste region¬banksjef Jon Arild Hellebust til at vinnaren er ei bedrift med ein liten og effektiv organisasjon.

Juryen la vekt på at selskapet har bygd seg stegvis opp og posisjonert seg på ein måte som gjer at ein no kan nyta godt av gode tider i oppdrettsbransjen.

«Samstundes har selskapet framleis eit gründerpreg og er i gang med nye planar om utbygging. Eigaren har og medverka til å setja kommunen på dagsorden på ein offensiv og positiv måte», avsluttar juryen si grunngjeving.

– Fortent Det var eigar Ola Braanaas som takka for tildelinga. – Me ser at dei to andre nominerte er gode bedrifter, men me føler at me fortener prisen, sa Braanaas. Han viste til at det vert lagt ned veldig mykje energi for å driva selskapet. I takketalen retta Braanaas ei takk til adm. dir. Carl Erik Arnesen og alle dei andre tilsette.