Lisbeth B. Hansen

Finnlendarane er glad i rød fisk

Eksporten av laks til dei fleste marknadane har så langt i år auka sterkt. Men nokre land utmerka seg, og i Finnland kjøper konsumentane norsk fersk laks som aldri før. -EU sin straffetoll på norsk aure, er truleg årsaka til at finnlendarane vel laks, seier Lisbeth B. Hansen i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Den totale eksporten av fersk laks var på 304.883 tonn ved utgangen av oktober i 2006. Så langt i år har vi eksportert 388.556 tonn. Gjennomsnittsprisen for fersk laks har gått ned frå 33,09 kroner kiloet dei første ti månadane i 2006 til 26,86 kroner kiloet så langt i år. Eksporten av fersk laks til EU har i same periode auka frå 263.133 tonn i 2006 til 310.033 i år. Utanom Russland som er i ein spesiell situasjon på grunn av restriksjonane mot import av fersk laks i fjor, er det eksporten til Danmark som aukar mest. Dei første ti månadane i 2006 vart det eksportert 44.891 tonn fersk laks til Danmark. Så langt i år har vi eksportert 57.137 tonn til naboane i sør. Eksporten til Frankrike har i same periode auka frå 58.494 tonn i 2006 til 69.564 i år. Sterk auke til naboane i aust Eksporten av fersk laks både til Sverige og til Finnland har auka sterkt dei første ti månadane i år samanlikna med same periode i fjor. Eksporten til Sverige har gått opp frå 10.453 tonn i fjor til 14.722 tonn i år, medan eksporten av fersk laks til Finnland har auka frå 10.170 tonn dei første ti månadane av 2006 til 15.587 tonn så langt i år. Den sterke auken i eksporten av fersk laks til Sverige kan mellom anna vere påverka av at Eksportutvalet for fisk har gjennomført ei sommarkampanje for å få svenskane til å grille laksen, men i Finnland har det ikkje vore gjennomført konkrete aktivitetar. Klarer ikkje produsere nok Lisbeth B. Hansen i Eksportutvalet for fisk trur den sterke auken i eksporten av fersk laks til Finnland kan forklarast ut frå at finnlendarane i utgangspunktet er glad i rød fisk og at dei ikkje klarer å produsere så mykje regnbogeaure at dei dekkjer behovet i marknaden. Det medfører at dei må importere rød fisk, og når dei vel norsk laks og ikkje norsk aure, trur Hansen det har med prisen å gjere. Som kjent for dei fleste har EU innført straffetoll på norsk aure, og om ikkje underteikna tek heilt feil, så var det Finnland som trakk i trådane for å få innført tiltaket. Målsettinga var truleg å sikre sin eigen produksjon av regnbogeaure i konkurransen med norsk aure. Helsefaktoren spelar også inn Hansen trur at den sterke auken i finnlendarane sitt konsum av norsk laks også kan forklarast ut frå globale trendar som går på helse. I Finnland konsumerar dei laksen både røykt og varmrøykt. Den varmrøykte laksen vert brukt som pålegg og som varm mat.