
FishEx er offisielt opna
Universitetsrektor Jarle Aarbakke ved Universitetet i Tromsø gjennomførte i dag den formelle opninga av FishEx som råvarebørs for finansiell handel med sjømat. Rett etter vart den første kontrakten inngått.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit FishEx som råvarebørs for finansiell handel med sjømat vart i dag formelt opna i Noregs Råfisklag sine lokale i Tromsø. Styremedlem Kari Riddervoll frå Sparebanken Nord Noreg ønskte velkomen og presenterte styret for selskapet, medan rektor Jarle Aarbakke ved Universitetet i Tromsø fekk ringe i klokka og gjennomføre den formelle opninga. Handelen er i gang FishEx som marknadsplass for finansiell handel med sjømat og med garantert oppgjer, er godkjent av Finansdepartementet, i tråd med børslova og etter anbefaling frå Kredittilsynet. I dag er alt det formelle på plass og handelen er i gang. - Vi er veldig glade for at er på plass. I dag får aktørane i sjømatnæringa endelig eit verktøy for å sikre prisen, sa administrerande direktør Jan Fossberg i FishEx til forsamlinga. Ikkje-manipulerbar referansepris All handel føregår i sanntid på web og kjøper og seljar er anonyme. Alle oppgjer vert garantert gjennom Nord Pool Clearing, ut frå ein dynamisk og ikkje-manipulerbar referansepris basert utelukkande på tal frå Statistisk Sentralbyrå. -Ein slik handelsplass må basere seg på tillit, og alt vi gjere må vere transparent og dokumenterbart. Det må heller ikkje vere teoretisk mogeleg å manipulere prisen. Dette er utruleg viktig, seier Jan Fossberg til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Valde FishEx Oslo Børs hadde styremøte i dag og børsdirektør Bente A. Landsnes kunne difor ikkje vere til stades, men i ei videohelsing forklarte ho årsaka til at Oslo Børs har valt å gå inn i FishEx. -Dei siste åra har vi fått mange nye norske og utanlandske fiskeriselskap til Oslo Børs. Dette har vore ei næring i vekst og difor syns vi etableringa av FishEx var interessant. Vi ser at interessa for fiskeri- og havbruksnæringa også vil auke frå den finansielle sida. Vi veit at FishEx vil gi eit godt prissikringsinstrument, og vi var interessert i å gå inn som aksjonær i FishEx fordi ein her kan tilby eit garantert oppgjer, sa Landsnes. Auka finansieringslyst I si helsing til FishEx sa Olav Karlsen i Sparebanken Nord Noreg at han trur etableringa av råvarebørsen for finansiell handel med sjømat vil vere med å auke finansieringslysta. -Det å skape større trygging for prisane er eit godt bidrag for å sikre næringa stabil inntening over tid. Det trur eg vil vere med å auke vår finansieringslyst, sa Karlsen til forsamlinga. Eigarane i FishEx er KapNord Fond, Sparebank 1 Nord-Norge Invest, Troms Kraft, Marinvest (Råfisklaget), Sparebank 1 SR- Investering, Oslo Børs og Sildinvest (Sildesalgslaget).