– Fisk er framtida for norsk matproduksjon
Arne Hjeltnes sitt bodskap under frokostmøtet Fish & Ships & Rock N` Roll var å tenkja stort og samla. Hjeltnes har eit ynskje om ei større satsing på bærekraftig norsk lakseoppdrett, der ein samlar aktørar i klynger.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Matproduksjon er i fokus som aldri før. Aktørar som EAT set fokus på at verda skal fø ni millardar menneskje innan 2050. Hjeltnes er administrerande direktør i medieselskapet Creuna, og ein av forkjemperane for fiskenæringa i Norge. Der han blant anna har fronta laks og norsk fisk i utlandet i fleire år, blant anna i Hong Kong og for Marine Harvest.
Tenk stort, tenk samla
Hjeltnes uttrykte under møtet tysdag at Bergen og sjømatnæringane må tenkja stort og samla kreftene saman i klynger. Fisk, og særleg laks, er essensielt for Noreg. Du kan utvinne store mengder fisk i forhold til biff og anna kjøtt. Ved 100 kg fôr, får du 65 kg laksefilet, 20 kg kyllingfilet, og 13 kg svinefilet.
- Laks er eit reint produkt med billig protein, og viktigheita av miljøvennleg mat vert berre større i verda. Laks er ikkje bare meir miljøvennleg, men også sunnare. Noreg som land må utnytta dei havresursane me har tilgjengeleg, seier han.
Vossingen meinar sidan oljebransjen er på veg ned, må me kunna nytta dei ressursane oljenæringa har, og dra dei inn i fiskenæringa tildømes.
- Kompetansen du har offshore er unik, og den trur eg kan bli viktig å dra inn i fiskenæringa framover.

Hjeltnes meinar det er mange gode grunner til å danne klynger.
- Bergen har alt innan sjømatindustri og shipping, noko dei bør utnytte vidare. Noreg er eit lite land på verdsbasis, der konkurransen er stor. Innovasjon og samarbeid er vegen å gå, meinar han.
Hjeltnes drog også fram viktigheita av logo eksponering, samarbeid, konseptutvikling og informasjon på sosiale medium for å komme fram til folk og resten av verda.
- Det er viktig å skaffe seg ein solid profil, der ein kan tiltrekke seg talent og merksemd. Dette skaper ein større «buisness».
Les også: Fish & ships & rock `n` roll med Arne Hjeltnes
- Til Japan sel me om lag fem til seks milliardar kilo laks kvart år, som dei brukar til sushi. Dette er ein stor eksport som Bergen og Noreg må ta godt vare på og vidareføre. Havnæringane er i omstilling , me må ha større evne til å tenke heilhetlig på disiplinane maritimt, marint og subsea. Ikkje berre på einskilte aktører, men som klynger som samarbeider, avsluttar han.
- I 2003 vart Hjeltnes representant for eksportutvalet for fisk i Hong Kong, med virkeområde i Aust-Asia.
- Etter to år i denne stillinga flytta han i 2005 til New York som reiselivsutsending for Innovasjon Norge.
- Fra 2006-2008 var Hjeltnes kommunikasjonsdirektør for Marine Harvest.
- For tida jobbar Hjeltnes med ein tv-serie om tørrfisk, som han er programleiar for.