
Fisk og sjømat er fabelaktig
Tromsø: Ingrid Espelid Hovig var tydelig og klar på at fisk og sjømat berre er fabelaktig og at det er det absolutt beste og sunnaste for folk å ete då ho var med å presentere og lage til rettar av torsk, kongekrabbe og kveite på Skarven kulinariske teater laurdag.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Ingrid Espelid Hovig og Ruben Einarsen hadde god kjemi då dei demonstrerte korleis ein kan lage til kongekrabbe på Skarven kulinariske teater laurdag. Foto: Kari Johanna Tveit
Ingrid Espelid Hovig var i Tromsø i samband med Nordlysfestivalen som går av stabelen i desse dagar. Her har ho mellom anna deltatt på konsert i Ishavskatedralen som er teikna av hennar avdøde mann.
Skarven kulinariske teater
Arrangementet på Skarven kulinariske teater var eit samarbeid med leiinga for Nordlysfestivalen og Eksportutvalget for fisk. Her demonstrerte "teatersjef" på Skarven kulinariske teater, Katrine Jensen og Ruben Einarsen, kokk på Henningsvær Brygge Hotell nokre forrettar og hovudrettar med torsk, kveite og kongekrabbe som råvare. Ingrid Espelid Hovig hadde ansvaret for kommunikasjonen med publikum, medan Jensen og Einarsen svarte villig vekk på hennar spørsmål om både kvaliteten på råvarene og kva dei gjer for å få fram den beste smaken.
Hadde juksa litt
Sjølv om både Einarsen og Jensen var små i den tida Espelid Hovig hadde styringa med det norske folk sine matvanar, så er det heilt tydelig at dei har fått med seg mange historier frå fjernsynskjøkkenet. Dei hadde henta inn kruspersille for anledninga og juksa litt på førehand for å få det heile til å gå smertefritt.
Av dei tre hovudråvarene som vart nytta under demonstrasjonen er kongekrabbe eit forholdsvis ukjent produkt i norske heimar, og sjølv om Ingrid Espelid Hovig er klar over at krabben sitt inntog i norske farvatn har fleire sider, så kunne ho ikkje dy seg frå å sei at ho var litt glad for at den er komen. Hennar kommentar til konkekrabbe som råvare i det norske kjøkken, er jo "berre fabelaktig".