Brit Hjeltnes

Fiskealarmen er eit meldesystem

Fiskealarmen er eit meldesystem og ikkje eit forskingsporsjekt. Det seier Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet i eit svar til Are Kvistad i FHL si bekymring for korleis dette systemet kan bli brukt i praksis.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Informasjonssjef Are Kvistad i FHL sa i går til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at han trur prosjektet med fiskealarmen.no må vere eit arbeidsuhell og at han er svært overraska over at Veterinærinstituttet deltek i denne typen prosjektet. Han nemner spesielt at organiseringa av opplegget gjer det heilt umogeleg å kontrollere informasjonen som kjem inn.

Men Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet framhevar at dette berre er ein måte å få inn informasjon på. Frå før har ein etablert overvakingsprogram og registreringssystem som skal dokumentere lakselussituasjonen både for oppdrettsfisk og for villfisk. Likevel observerar ein stadig vekk rykte i sportsfiskarmiljøet om udokumenterte rømmingar og høge lusetal, rykte som systemet med fiskealarmen kan vere med å få oppklart ved at urovekkande meldingar medfører grundigare undersøkingar. . -Dette må berre vurderast som eit meldesystem, og registreringane som vert gjort ved hjelp av fiskealarmen skal samanhaldast med andre og meir kvalitetssikra kjelder før ein kan sei noko om verdien av data frå fiskealarmen, seier Brit Hjeltnes til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Ho viser vidare til at opplysningane som kjem inn skal nøye kvalitetssikrast og at det vil bli lagt inn sperre for meldingar med unormalt høge lusetal pr. fisk og for kor mange meldingar som kan sendast frå kvar telefon. Ho viser til at det ikkje var plass til dette i den demoversjonen som så langt har vore tilgjengeleg.

Skal ikkje styre handteringa av situasjonen Hjeltnes framhevar vidare at data som kjem inn i denne typen prosjekt ikkje skal styre handteringa av problemet med lakselus. Det har aldri vore intensjonen.

-Men fiskealarmen.no kan gi eit varsel om at det har oppstått ein situasjon som ein bør sjå nærare på. Om data kan brukast til noko meir er det for tidleg å sei noko om. Vidare tolking vil skje i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (Nina). Første evaluering av prosjektet vil skje til hausten, seier Hjeltnes til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Veit at næringa jobbar seriøst Hjeltnes framhevar til slutt at Veterinærinstituttet veit at oppdrettsnæringa jobbar hardt og konstruktivt for å handtere problemet med lakselus, og at det er viktig med samarbeid. -Veterinærinstituttet er opptatt av at ein både skal ha levedyktige villaksbestandar og fiskeoppdrett i framtida, og ein jobbar difor på brei front med problemet med lakselus i godt samarbeid både med næring, forvaltning og andre forskingsinstitusjonar, seier Brit Hjeltnes avslutningsvis.