
Fisker etter Firda-laks i Nausta
Elveeigarlaget vil fiske etter rømt oppdrettslaks i Nausta, kanskje og med garn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Eiliv Erdal, formann i elveeigarlaget, opplyser at dei har fått pålegg frå Miljødirektoratet, og løyve frå Fylkesmannen til å drive fiske etter rømt oppdrettslaks. Det skal dreie seg om same rømingstilfellet som tidlegare er kjent gjennom Firda, skriv Nastdal kommune i ei pressemelding.
Erdal opplyser at det kan vere aktuelt å bruke garn i fisket. Fisket vil skje nedanfor Naustdalsfossen, av di ein ikkje reknar med at oppdrettsfisk kjem seg opp fossen så lenge elva er noko stor.