Bengt Ove Hagen

- Fleire argument for å ikkje selje laks i butikkane

Tekmar: Kvalitetssjef Bengt Ove Hagen i Ica Norge AS meinar det er fleire grunnar til å selje oppdrettslaks i butikkane. Men han ser også mange argument for at ICA ikkje skal gjere det.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Hagen hadde fått i oppgåve og snakke om kvifor ein skal selje laks i butikkane og kva krav og forventningar han har til oppdrettsnæringa som matprodusent. Og kvalitetssjefen i ICA Noreg var klar i talen på fleire områder.

I første rekkje ramsa han opp mange årsaker til kvifor det er fornuftig å selje norsk oppdrettslaks i butikkane. Det handla om at den vert produsert i Noreg og at vi er verdas leiande oppdrettsnasjon, at den er sunn og at den har eit lågt karbonfotavtrykk.

Men Hagen ser også mange grunnar til at ICA ikkje skal ha oppdrettslaks i butikkhyllene sine. Og då er vi over på ein argumentasjon som ser ut til å vere henta frå overskrifter i media. Det handlar om usikkerheit knytt til innhald av skadelege framandstoff, at den lokale miljøpåverknaden kan vere stor, at kundane er opptatt av berekraft og at oppdrettslaksen rømmer, noko som i fylgje Hagen vatnar ut lokale vilalksstammar. Han meinar også at sjøauren meir eller mindre er utrydda på grunn av lakselus og at ressursane i havet som sjøfuglen skulle hatt, no går til laksefôr.

Klar lusestrategi Dersom Hagen kunne verke tabloid når han skulle hente årsaker til at ein ikkje skulle selje laks i butikkane, så var det motsatt når det handla om kva tiltak som må settast inn for å få til nødvendige endringar. Når det gjeld lakseslus gjekk han inn for at tiltaksgrensa må settast ved måltal pr.anlegg. I dag meinar han det ikkje vert tatt høgde for auke i produksjonen. Det betyr at talet på lus i sjøen aukar, og at trykket på villaksen vert større. Han vil at teljemåten skal endrast og tiltaksgrensa må vurderast med utgangspunkt i det totale lusetrykket i eit område eller eit fjordsystem. Stolar ikkje på rømmingsstatistikken Hagen vil også ha på plass ein betre biomassekontroll på same tid som ein må redusere den genetiske interaksjonen med villaks. Og når det gjeld rømming så trur ikkje kvalitetssjefen i ICA på statistikken til Fiskeridirektoratet. -Statistikken viser ein plutselig nedgang i 2009 og det trur eg absolutt ikkje noko på, seier Hagen utan å gå nærmare inn på det temaet.

Kvalitetssjefen i ICA går rett vidare på utslepp av avfall frå oppdrett, og her kjem han med ein påstand som Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund i hovudsak har vore åleine om å presentere. -Avafall frå oppdrettsnæringa er dobbelt så stort som samla avfall frå heile Noregs befolkning, seier Hagen og viser til at det ikkje er nokon anna tungindustri som får lov til å gjer det på den måten. Han spør om det kan vere rett at næringa skal få drive på sånn.

Mange tiltak på gang Etter at Hagen hadde lagt fram sine påstandar om oppdrettsnæringa og alle dei negative faktorane som føl med den, så innrømte han også at næringa i dag gjennomfører mange tiltak for å få bukt med problema. -Eg har deltatt på heile konferanse og prata med ein del folk, så eg forstår jo at det er mange tiltak på gang for å få til endring, sa Hagen til deltakarane på Tekmar i Trondheim.

Må skjerpe marknadsføringa Men så er Hagen komen fram til det som han kanskje er mest engasjert i, og då handlar det om korleis sjømatnæringa skal marknadsføre seg. Også på dette området har han klare og sterke meiningar, og i første rekkje handlar det om Eksportutvalet for fisk. Her er han einig med Sverre Leiro i Norgesgruppen som nyleg uttrykte i media at det ikkje går an å marknadsføre norsk sjømat i Noreg på same tid som ein heiter Eksportutvalet for fisk. Så her går Hagen for ei namnendring.

Men når det er sagt så vil han heller ikkje diskutere innkjøpa sine med EFF. -Eg vil snakke med mine leverandørar, og ikkje med EFF når vi har kundemøter, sa Hagen til forsamlinga og gav også klart uttrykk for at aktørane i næringa må skaffe seg sine eigne merkenamn. -Det handlar om å bli tydelegare på kven som er leverandør og kva dei står for. Slik det er i dag, så er det ingen å gjer ansvarleg dersom det skjer noko, sa Hagen men la til at Salma hadde gjort ein veldig god jobb på dette området.

Departementsnamn som støttar tradisjonelle haldningar Til slutt uttrykte Bengt Ove Hagen frustrasjon over navna på fiskeri- og kystdepartementet og landbruks- og matdepartementet. -Eg meinar vi må tenke igjennom korleis vi skal organisere forvaltninga. I dag heiter det fiskeri- og kystminister og landbruk og matminister, og det støttar jo berre opp om det gamle utsagnet om at fisk er fisk og kjøtt er mat, sa Hagen til forsamlinga til slutt.