
Fleire får besøk av russiske inspektørar
På runda til norske lakseanlegg som inspektørar frå russiske veterinærmyndigheiter gjennomfører i desse dagar, er det fleire enn dei sju som Mattilsynet har gjort kjent tidlegare, som vert inspisert.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit To inspektørar frå russiske veterinærmyndigheiter er i desse dagar på runde til norske lakseanlegg. I utgangspunktet var det fem nye, i tillegg til dei to som mista eksporttillatinga i mars, som skulle inspiserast i denne omgang. Men dei russiske inspektørane vitjar no også fleire av dei 46 anlegga som har meldt frå at dei ønskjer inspeksjon. -Russiske veterinærmyndigheiter ønskjer, som dei har sagt tidlegare, å gjennomføre inspeksjonar på så mange norske anlegg som mogeleg, så det som skjer no er berre at dei føl opp det dei har sagt, seier Egil Sundheim i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Sundheim vil ikkje sei kva anlegg som ikkje er gjort kjent på førehand, som no vert inspisert, men etter det Norsk Fiskeoppdrett kjenner til, så skal det vere fleire anlegg i nord. Sidan inspektørane også har snudd om på reiseruta, skal det også vere anlegg som på førehand hadde fått melding om inspeksjon, som no er utelatne fordi dei ikkje hadde fått meldt frå til Mattilsynet om slakting. Til saman skal det vere omlag ti anlegg som får besøk av dei russiske inspektørane i denne omgang. På førehand var det kjent at inspektørane ønskte å inspisere desse anlegga: H-107 Brandasund Fiskeforedling SF-364 Martin E. Birknes H- 82 Bremnes seashore H-109 Hardanger Fiskeindustri A/S F-468 Altafjord oppdrett F-480 Grieg Seafood avd Finnmark (Volden group AS) T-436 Breivoll