
Flytting av fisk er risikofylt
Tromsø: Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet gav både ros og ris til torskeoppdrettarane i si oppsummering av torskekonferansen i Tromsø fredag. Men ho framheva at flytting av fisk alltid vil vere risikofylt
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Brit Hjeltnes starta sitt innlegg under avslutningsdebatten på torskekonferansen med å mane oppdrettarane til å ta sjukdomssituasjonen i næringa på alvor, men ho gav også ros for at det er sett i gang nokre prosjekt i nord for å koordinere dette arbeidet. Hjeltnes meinar torskenæringa står ovanfor nokre vegval som vil vere avgjerande for om den er levedyktig. Ho påpeika mellom anna at oppdrettarane må få på plass generasjonskille og ei ordning med brakklegging. -Berre tenk på kva tap lakseoppdrettarane på Vestlandet har hatt på grunn av PD, sa Hjeltnes og viste også til problema med sjukdom i laksenæringa i Chile. Regionalisering Flytting av biologisk materiale vil alltid vere risikofylt, og Hjeltnes vil ha ein debatt om regionalisering. Ho framheva også at det er størst risiko for spreiing av sjukdom ved flytting av fisk som er sjøsett. -Det vil alltid kome nye sjukdomar så dette må næringa ta på alvor, sa Hjeltnes til forsamlinga. Svampar for sjukdom Utsett av yngel med dårleg kvalitet er i fylgje Hjeltnes heller ikkje særleg lurt dersom ein vil hindre sjukdomsutbrot i anlegget. -Taparane er som svampar for sjukdom, sa Hjeltnes til oppdrettarane i salen og oppfordra dei til å stille krav til at yngelen dei kjøper er av god kvalitet. Oppdrettarane må ver opne Hjeltnes var også opptatt av at næringsaktørane si evne til å vere open om sjukdomssituasjonen, vil ha mykje å sei for utviklinga av næringa. -De deler sjukdomane, og må også kunne dele kunnskapen, sa Hjeltnes.