Fredd Wilsgård

Forventar at Lisbeth og Erik tek ansvar

-Dei ulike fagmiljøa gir sprikande framstillingar av problema vi står ovanfor og kva effekt dei vil gi. Så no håpar eg dette møtet er starten av ein prosess som viser at politikarane evnar å ta ansvar. Det seier Fredd Wilsgård etter han deltok på kunnskapsseminaret om villaks og oppdrettslaks.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Fredd Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett deltok sist veke på kunnskapsseminaret om villaks og oppdrettslaks som fiskeri- og kystdepartementet Lisbeth Berg-Hansen og miljøvernminister Eirik Solheim arrangerte i Oslo. Og han trur møtet var eit steg i rett retning. -Det er jo ikkje slik at oppdrettsnæringa til ei kvar tid har fasiten på kva som er rett og galt, men det har slett ikkje kritikarane våre heller, så det viktigaste i første runde er at vi kjem fram til eit felles grunnlag som utgangspunkt for tiltak som skal settast i verk, seier Fredd Wilsgård og viser til eit sitat av Haldis Moren Vesås der ho framhevar at det skaper betre forståing dersom dei som representerar ytterpunkta i ein diskusjon får meir kunnskapar om den andre part sine utfordringar.

Han meinar problemstillingane i slike saker er samansette, og håpar forskarane kan gi eit kunnskapsgrunnlag som gjer det mogeleg å ta avgjerder med eit meir heilskapleg utgangspunkt. -No vert det forska mykje med einskildfaktorar som utgangspunkt, og då kjem ikkje heile bilete fram, seier Wilsgård.

Eit positivt møte Fredd Wilsgård vurderar møtet både som fagleg nyttig og svært godt gjennomført. -Vi kunne fått tid til litt fleire spørsmål, men utover det var dette eit svært positivt arrangement som var godt organisert av departementsråd Harald Rensvik i Miljøverndepartementet, seier Fredd Wilsgård til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Han trur det vil hjelpe godt på forståinga dersom ein klarer å fjerne fordommane, og ved hjelp av politisk styring vil ein sjå meir av det i framtida. -Både fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og miljøvernminister Erik Solheim ønskjer no å ta styring og det er veldig viktig, seier Wilsgård.

Oppdrettsnæringa må ta sin del Når det gjeld oppdrettsnæringa sitt ansvar i denne samanhengen handlar det i hovudsak om to faktorat. -Talet på rømmingar har gått opp i 2010 samanlikna med 2009 og det er jo ikkje akseptabelt, men eg håpar det er eit avvik i høve til den positive trenden vi var inne i. Og så er vi nøydde å løyse utfordringane med lakselus i dei områda der det er eit problem, seier Fredd Wilsgård til slutt.