
-Får ikkje slik fisk frå Storfjord Torsk
Leiarane på dei to slakteria som Storfjord Torsk brukar beklagar at selskapet vert knytt til den deformerte torsken som er vist i media dei siste dagane. -Vi har slakta rundt 600 tonn av denne fisken i år, og bør vite kva vi pratar om, seier Leif Godvik frå Gunnar Klo AS.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Dagleg leiar Leif Godvik ved Gunnar Klo AS sitt anlegg på Stø i Vesterålen og Ola Telebond ved Torsvågbruket AS beklagar sterkt at den avbilda torsken som ein fiskar fekk på garn i Storfjord i september i år vert knytt til Storfjord Torsk AS.
Dei framhevar at 99 prosent av fisken dei får inn frå merdane i Storfjord er veldig fin. -På ei last med 70 tonn kan vi kanskje finne nokre få fiskar med deformitetar, seier Leif Godvik til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.