
Frå innovasjon til iverksetting
Reidun Klykken Lie jobba tidlegare med innovasjon i Norinnova. No har ho ansvaret for kvalitet og produktutvikling av eit svært så innovativt produkt.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Klykken Lie er no tilsett som prosjektleiar i Olivita AS. Selskapet produserar og distribuerar kosttilskotet Olivita, som er ei blanding av selolje og olivenolje. Produktet er patentert og utvikla av professorane Edel Elvevoll og Bjarne Østerud ved Universitetet i Tromsø. Dei to professorane har i over 20 år forska på åreforkalking og for å finne eit middel som kunne redusere risikoen for hjerte- og karsjukdommar. Arbeidet har resultert i eit kosttilskot som i fylgje selskapet skal verne kroppen mot reaksjonar som mellom anna kan føre til åreforkalking, blodpropp, hjerneslag, psoriasis og ømme ledd. Kontor i Tromsø May Britt Manin jobbar som avdelingsdirektør i Olivita AS som etablerte eige kontor Tromsø tidlegare i år. Klykken Lie er no tilsett som prosjektleiar i selskapet og skal ha hovudansvaret for kvalitet og produktutvikling. -Eg valde å jobbe i Olivita AS fordi eg vart spurd om å vere med, og det var ein sjanse eg ikkje kunne sei nei til. Marine lipider er eit svært interessant tema og eg kjende til produktet frå den tida Edel Elvevoll var rettleiaren min då eg skreiv hovudoppgåve ved Noregs Fiskerihøgskule, seier Klykken Lie til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Satsar først i Nord Dei to ved Tromsø-kontoret startar no for alvor arbeidet med å marknadsføre og selje oljen som er basert på ni kliniske studiar med 1200 deltakarar. I fyrste omgang skal dei jobbe med Nord Noreg, men etter kvart skal dei nå ut til heile landet.