Otto Gregussen

– Framleis for høge rømmingstal

- Talet på rømt oppdrettsfisk er framleis for høgt. Det meiner regiondirektør Otto Gregussen ved Fiskeridirektoratet region Trøndelag.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Gregussen la før helga fram fjorårets rømmingstal på eit lokalt møte i regi av «Norske lakseelver», som er ein organisasjon for fiskeretthavarane i lakse- og sjøaureførande vassdrag. – Vi må gjere det vi kan for å få tala ned. Direktoratet har ulike verktøy som er til hjelp i dette arbeidet, til dømes rettleiingar og tekniske krav til anleggene og deira drift. Vi har også sporingssystem som gjer at vi kan vi ta dei som forårsakar rømmingar, seier Gregussen. Teksten fortsetter under figuren

Rømmingstall for laks. Kilde. Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet rykker ut i dei tilfella der det skjer rømming eller er mistanke om rømming for å dokumentere det som har skjedd. Både for å lære av hendinga og for å kunne følgje opp ved eventuelle lovbrot, der det er nokon som kan lastast for hendinga

Fiskeridirektoratet rykker ut i dei tilfella der det skjer rømming eller er mistanke om rømming for å dokumentere det som har skjedd. Både for å lære av hendinga og for å kunne følgje opp ved eventuelle lovbrot, der det er nokon som kan lastast for hendinga.

Fokus på effektmålingar – Fiskeridirektoratet må ha fokus på auka effektmålingar for å kunne handtere risiko knytt til miljø og havbruk. Vi må sjå på kva desse rømmingane fører til, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Rømmingstala som vert lagt fram i dag er dei tala som er melde inn til direktoratet. Noko som gjev grunn til uro er mistanken om at ikkje alle tilfelle vert melde inn, anten fordi oppdrettar ikkje er klar over at det har skjedd ei rømming eller at det med vilje vert unnlate å melde inn. – Vi må løpande vurdere om både regelverket, verktøya våre og den jobben som vert gjort av næringa er godt nok i høve til det risikobiletet ein har, seier Holmefjord. Les Fiskeridirektoratets rømmingsstatistikk her