Fredriksen2

Fredriksen si bekymring for villaksen

-Det er ekstremvêr, gigantmerdar og kyniske eigarar som vert utfordringa når det gjeld rømming i framtida. Ikkje små oppdrettarar med lokalitetar i skjerma områder, seier Tor Nygård i Arnøy Laks i sin kommentar til John Fredriksen sine uttalingar om framtida til villaksen.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Johan Fredriksen har sett sinna i kok hjå ein del lakseoppdrettarar den siste tida. I juli var han i Alta-elva for å fiske laks, og i den samanheng har han sagt til Alta-posten at han er bekymra for framtida til villaksen. Han meinar det ikkje burde vore lovleg med oppdrett i fjordar der det finst lakseførande elvar. I fylgje Nygård skal også administrerande direktør Atle Eide i Marine Harvest, som Fredriksen har store eigarinteresser i, ha uttala til media at han ikkje kan forstå at dette skal vere noko problem sidan det er dei små oppdrettarane som held til i skjerma fjordsystem, "Det er jo ikkje så mange små anlegg igjen i denne bransjen". Laksen rømmer frå store anlegg Nygård meinar det no er på tide å sette fokus på alle gigantanlegga som er lokalisert i eksponerte områder. -Det er jo dei som er årsaka til den stygge rømmingsstatistikken vi har hatt dei siste åra, seier Nygård. Laksen må på næringsvandring Nygård har også gjort seg nokre refleksjonar om verning av laksefjordar og rømming. -Vi må gå ut frå at all den laksen som overlever ved rømming, før eller seinare vert kjønnsmoden og søkjer opp i ei lakseelv. Dersom den skal overleve må den tilpasse seg slik at den går ut på næringsvandring, og med det utgangspunktet er det ikkje godt å bli klok på dagens områdefiksert laksefjordpolitikk, seier Nygård. Ekstremvêr og gigantmerdar I fylgje Nygård er det ekstremvêr, gigantmerdar, offshoredrift med underbetalte utanlandske arbeidstakarar, og ikkje minst kyniske eigarar som har slutta å sjå sitt samfunnsansvar, men heller har omsorg for eigne fritidssyslar, som vert utfordringane i framtida. -Eg meinar det er heilt på tryne at ein kypriotisk skatteflyktning skal delta i den norske samfunnsdebatten. Og spesielt ut frå at ein her har å gjere med ein som berre vedkjenne seg velferds-Noreg når han er i den yttarste nød og treng norsk sjukehusstandard, eller når han skal kose seg i norske lakseelvar. Både dei norske sjukehusa og lakseelvane er eit resultat av at nokon tek ansvar og leve både med dei norske reguleringane og norsk skattenivå, seier Nygård til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Nygård meinar også at Atle Eide som forvaltar utanlandsk kapital her i landet vårt burde gå fram på ein meir audmjuk måte.